Kultur | 16. mai 2022

Send bilde - vinn gåvekort!

Vil du dela 17. maibilda dine med lesarane våre?

Send bilde - vinn gåvekort!
Nokre av lesarbilda vi har mottatt rett før og under pandemien. I morgon er det igjen tid for feiring.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. mai 2022 14:04

Det nærmar seg den store feiringa, den første normale på tre år, og vi i Midtsiden ser fram til å følgja programmet i Os sentrum tysdag.

Vi ønskjer samtidig deg som lesar, om du anten bur i Bjørnafjorden kommune eller kjem herfrå, velkomen til å senda oss nokre bilde frå feiringa di.

  • Har du tatt eit blinkskot i heimbygda?
  • Er du på jobb, på reise eller eit opphald i utlandet?
  • Eller nyter du dagen frå båt eller ein fjelltopp?

Uansett er du velkomen til å senda dine inntil 5 finaste eller mest stemningsfulle bilde!

Skriv nokre ord om kvar bildet er tatt og kven som er på bildet.

Bilda kan sendast på epost til tips@midtsiden.no eller helst via wetransfer.com innan klokka 22 tysdag 17. mai.

Blant bidrag som blir publiserte trekker vi ut to vinnarar av gåvekort (du vel om du vil ha på AMFI Os eller Havnechefen) med verdi på 500 kroner kvar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.