Lokal | 21. nov. 2011

Shower i Allakten

Torsdag inviterer Allakten og LOL til moteshow. - Det blir fete premiar, lover Kjetil Osablod Grønvigh.

Shower i Allakten
Andris Hamremandag 21. nov. 2011 16:40

Ungdomsbutikken LOL på Osøyro og den kommunale Allakten Ungdomsklubb i Stegen har slått seg saman og inviterer torsdag ungdom i alle aldra til heftig moteshow på klubben.

- Eg gjekk jo tidlegare i haust ut og etterlyste næringsdrivande som ville vera med på å laga gøy for ungdommane.

- Lene på LOL beit seg merke i utfordringa og tok kontakt her om dagen, fortel kulturkonsulent Kjetil Osablod Grønvigh.

- Klart vi vil vera med å skapa liv for ungdommane. Det er jo dei som er framtida for Osøyro, slår Lena Mathisen fast.

Dei to føler at LOL og Allakten høyrer naturleg samen. Dei er båe opptekne av at det skal skje ting på Øyro også for ungdom som ikkje nødvendigvis er med på organiserte aktivitetar.

Moteshow med gåvekort

Til å vise klea frå LOL har dei fått med seg ungdommar på Allakten.

- I tillegg blir det eindel andre som kjem til å bidra òg, fortel Mathisen.

- Her er det berre å stille. For dei kjem til å visa det hippaste av det hippe.

- Sjølv om du ikkje er medlem av Allakten er du velkomen. Ikkje nok med det, men vi har fått sponsa ein del heftige gåvekort på LOL og diverse andre ting, så det kjem til å dryssa godt med gåver i løpet av kvelden, lovar Osablod Grønvigh.

Arrangementet blir ein del av den vanlige klubbkvelden. Dørane i andre høgda på brannstasjonen opnar klokka 18.00.

- Det heile avrundar vi som vanleg med kveldsmat i åtte halv ni tida, avsluttar Osablod Grønvigh.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.