Kultur | 18. nov. 2019

Siger og tre 3. plassar til skulekorpset

Os skulekorps med gode resultat på Fanafestivalen.

Siger og tre 3. plassar til skulekorpset
Os skulekorps sine juniorarar tok sigeren på Fanafestivalen. (Foto: Siri Kristiansen)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 18. nov. 2019 09:04

Bildeserie:

Hovudkorpset tok tredjeplassen i førstedivisjon. (Foto: Siri Kristiansen)
Hovudkorpset tok tredjeplassen i førstedivisjon. (Foto: Siri Kristiansen)
Best! (Foto: Siri Kristiansen)
Best! (Foto: Siri Kristiansen)
På pallen. (Foto: Siri Kristiansen)
På pallen. (Foto: Siri Kristiansen)
1 av 3
Hovudkorpset tok tredjeplassen i førstedivisjon. (Foto: Siri Kristiansen)
Best! (Foto: Siri Kristiansen)
På pallen. (Foto: Siri Kristiansen)

Førre helg feira Os skulekorps sine første 60 år med ein storstilt jubileumskonsert i Oseana.

Denne helga deltok både junior- og hovudkorpset på Fanafestivalen, ein konkurranse for janitsjarkorps.

Tredjeplass til dei eldste

Houvudkorspet, leia av Marius Fevang Thorstensen, spelte seg inn i førstedivisjon i 2017.

I helga hadde korpset tøff konkurranse frå to av Noregs beste skulekorps.

Skjold Skoles Musikkorps tok sigeren med 94,5 poeng foran Midtun Skoles Musikkorps med 94 poeng.

Os skulekorps tok ein god tredjeplass med 92 poeng.

Juniorane til topps

I klassen junior janitsjar var det Os skulekorps som kunne ta sigeren med seg heim over Vallaheiane.

Leia av Berit Hella Lindberg spelte dei unge korpsspirene inn 92 poeng, foran Skjold med 91 poeng og Midtun med 90 poeng.

Solistar på pallen

Os skulekorps leverte òg deltakarar i solistkonkurransane.

Her vart det to tredjeplassar på Eline Hop, som spelte walthorn, og Andreas Schmidt Fotland på marimba.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.