Næringsliv | 06. sep. 2016

Signerte leigekontrakt for ny butikk

– Eg er glad det er ei jente som Jeanett som skal inn, seier Kristin Oma. Borg Vêr opnar på gateplan i Tønjumgården.

Signerte leigekontrakt for ny butikk
Kristin Oma og Jeanett Borgen Kallekleiv etter signering av leigekontrakten måndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. sep. 2016 07:35

For knappe to veker sidan fortalte vi om Jeanett Borgen Kallekleiv (23) som vil satsa på både herre- og damemote med butikken Borg Vêr i Os sentrum.

– Eg ser kor fint det har blitt, og kjem til å bli, i Os sentrum. Eg trur timininga er god og eg trur Osøyro vil bli stadig betre i åra som kjem, sa Jeanett, som ikkje ville avsløra meir om plassering av butikken før leigekontrakt var signert.

Lokalet ho hadde øvst på ønskjelista var i Telthuskvartalet, der interiørbutikken Landboden dei siste åra har selt seg ned. I går blei leigekontrakten signert.

Langdryg avvikling

Det er Tønjum-familien frå elektrofirmaet Mikal Tønjum AS som eig næringsarealet i bygget. Rune Tønjum si kone Kristin Oma har i ei årrekkje har selt småmøblar, lampar og andre handplukka interiørvarer frå butikken Landboden, som starta i Landboden før bygget i Telthuskvartalet i 2001 blei reist.

– Det er tre år sidan eg bestemte meg for å legga ned, men så har vi selt oss ned til marknadsdagane i juni og handla inn igjen til jul, fortel Kristin og ler.

Sidan mai i fjor har ho stått åleine i butikken, sidan påske i år har ho hatt ope når det har passa. I sommar var det stort sett stengt.

Deler lokalet

– Eg har framleis sal og held fram ei lita stund i delar av førsteetasjen, fortel Kristin.

Den 200 kvadratmeter store salsflata er no delt med ein vegg.

Jeanett og den komande butikken Borg Vêr får fronten, inngangspartiet og utstillingsvindauga, i alt 130 kvadratmeter. Bak veggen, med eige inngangsparti frå parkeringsplassen i nord, har Kristin stilt ut resten av varene sine for å driva sal ei lita stund til.

– Elektrikarane skal ha dette som kontor, men eg blir her nokre veker til.

Sonen gav grei beskjed

Jeanett fortel at Landboden-lokalet i Telthuskvartalet var einaste plassen ho såg for seg å opna Borg Vêr.

– Eg hadde ikkje andre lokale på lista ein gong, dette var førstevalet.

Begge butikkdamene ler når Midtsiden spør korleis dei to kom i kontakt.

– Jeanett kjenner Michael frå før, og tok kontakt direkte med han. Eg fekk berre beskjed av sonen min å koma meg ut, fortel Kristin og ler igjen.

Sonen Michael Oma Tønjum er no dagleg leiar i MRT Holding AS (eigedomsselskapet) og bestemte at det no var på tide at mora blei ferdig med opphøyrssalet. Tonen ser likevel ut til å vera svært god mellom påtroppande og avtroppande butikkdrivar i lokalet.

– For det første er det jo på tide at eg sel ut siste rest og stenger av, for det andre er eg glad det er ei jente som Jeanett som skal inn.

– Ho har både erfaring og stå på-vilje, og eg trur ho kjem til å by på noko som Os treng, seier Kristin.

Dei to skal no jobba litt side om side, Kristin med å få lokalet klart, Jeanett med å førebu opning av Borg Vêr i oktober.

Gode innkjøpsrundar

Borgen Kallekleiv hausta stor respons då det blei kjent at ho skulle byrja for seg sjølv og opna ny butikk.

– Det har vore overveldande med fine tilbakemeldingar. Ein liten haug med jobbsøkjarar kom det òg, men eg skal stort sett stå åleine i butikken, så det blir berre eit par ringehjelpar.

Dei siste vekene har gått med til innkjøp. Sjølv om ho opnar på tampen av haustsesongen har det gått greit å få inn merkene ho vil ha. Minimum, mbyM, Bølger og Dale of Norway er dei første som er booka.

– Det er mykje dansk å velja i, men eg er òg veldig glad i norsk og nøgd med å få inn Dale.

– Eg har òg fått inn Dr Denim. Nokre merke eg har sett på er «high end», eller trur dei er high end, og er noko avventande, men sett vekk frå eitt skomerke har eg fått det eg ønskjer. Bestillingar for våren er gjort, og det ser ut som om eg skal få fylt hyllene greit også til opninga no i haust.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.