Lysekloster il | 16. okt. 2022

Sikra sigeren på overtid

Lysekloster slo Sola, Brann 2 sikra opprykk i nest siste serierunde.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 16. okt. 2022 17:42

I dag blei 25. og nest siste serierunde i 3. divisjon spelt.

Lysekloster kjempa på bortebane mot nedrykkstruga Sola, som Lysekloster slo 5-0 på heimebane i juni.

I dagens kamp leia Lysekloster to gongar, etter to mål av nysignerte Jørgen Nordvold Lunde frå Elverum, men heimelaget slo tilbake og utlikna to gongar.

Men i 90. minutt kom toppskårar Alexander Dang og sikra sigeren med si skåring nummer 15 på 15 kampar for Lysekloster.

Nysignerte Jørgen Lunde (midten), her heime mot Bjarg førre helg, spelte sin tredje kamp for Lysekloster i dag. (Foto: Eirin Horvei)

– Utanom Lunde sine skåringar i 2. og 10. minutt, var vi tre gongar åleine med keeper, og hadde nokre sjansar utanom dette også dei første ti minutta.

– Vi burde punktert kampen i løpet av dei første 5-6 minutta, meiner Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Sola kjempa hardt for å unngå nedrykk.

– Vi har berre plassering å kjempa om. Gutane skal ha honnør for måten dei gjekk i krigen på.

Sendte Sola til 4. divisjon

Sola står med tapet på 12. plass av 14 lag, 5 poeng bak Bremnes på trygg nedrykksplass.

Også Haugesund 2 og Rune Mo sitt Åkra rykker ned.

Myrlid skåra to då Brann 2 sikra opprykk

Brann 2 overbeviste mot Sandnes Ulf 2. Men 9-0-siger og 6 poeng bak til Fana, som tapte for Bjarg, er dei sikra opprykk til 2. divisjon.

Elias Myrlid skåra dei to siste måla til Brann 2.

Elias Heggland Myrlid var toppskårar for Brann 2 i fjor. I dag skåra han to i målkalas og opprykkskamp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Lysekloster kjempar om 3. plass

Fana er sikra 2. plassen med 4 poeng forsprang på Lysekloster, som ligg på 3. plass a poeng med Brodd.

Lysekloster avsluttar sesongen heime søndag mot Vidar på 5. plass. Brodd speler borte mot Åkra i serieavsluttinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.