Sikra tabelltopp med 3 mål på 7 minutt
Os vann toppkampen på Kuventræ - men sigeren sat langt inne.
I går fortalte vi om topplassering til alle dei tre seniorlaga, Os, Os 2 og Os damer.
Torsdag kveld sto den nyvunne topplasseringa til damelaget i fare.
Os - Årstad 3-0 (0-0)
– Det blei ein jamn kamp med få sjansar, seier Os-trenar Stian Kvåle.
Årstad hadde to sjansar i 2. omgang, eit frispark og eit langskot, men Emilie Askvik Bøe redda begge.
– Sjølv var vi åleine med keeper to gongar, éin gong i kvar omgang, før måla kom.
Ekstra ros til Lekven
Vy Nguyen gav Os leiinga i 83. minutt og auka til 2-0 to minutt seinare.
Vilde Drange Veglo auka til 3-0 på overtid.
– Ved sidan av keeper og målskårarar vil eg løfta fram Agathe Lekven. Ho plar spela kant, men er tatt bak på venstre back som vikar.
– Der fekk ho ein rask og god høgrekant frå Årstad å bryna seg på, men meistra oppgåva glimrande og var banens beste i går, meiner trenaren.
Siktar seg inn på opprykk
Os toppar framleis tabellen med 30 poeng, 3 poeng framfor Årstad med éin kamp mindre spelt. På 3. og 4. plass ligg Bremnes og Krabbetor, begge med 25 poeng.
– Vi har to kampar igjen mot Krabbetor, begge på heimebane, då dei mangla bane å ha den flytta kampen frå vårsesongen på.
– Elles har vi ingen av topplaga igjen, mens Årstad skal møta både Krabbetor og Bremnes utover hausten. Vi ligg greit an no, seier Kvåle, som før sesongstart sikta seg inn på opprykk frå 4. divisjon.