Siste finpuss på Lepsøyvegen
1,2 km av Lepsøyvegen har blitt ny. Dette står igjen før utbetringa skal markerast som ferdig.
I slutten av august 2015 starta Vestafjell på arbeidet med utviding av Lepsøyvegen (fv 158) frå krysset ved Hagavik Hjemmebakeri på Grindavoll Vågshaugen i Storumbakken.
• Les òg: Første spadetak i går
Oppdraget, som har inneheldt breiare køyrefelt og gang- og sykkelveg, var på 35 millionar kroner, men har i etterkant blitt utvida noko i omfang og pris.
• Les òg: Fann 12.000 år gamal skjelett av kval på Storum
Lys og rydding
I dag starta arbeidet med å få straum og lys langs vegen.
– Eg reknar med at dei har kome langt i slutten av neste veke, seier anleggsleiar Roger Bøe frå Vestafjell om underleverandøren på elektro.
Sjølv skal Vestafjell no ta siste finpuss, som blant anna inneber å legga jord inntil fortaua og anna ryddearbeid.
Driv tippen vidare
I samband med byggestart på vegen blei det etablert ein tipp i området. Denne skal ha spart entreprenørane for 3.500 turar med lastebil ut av området.
– Vi skal driva tippen vidare for grunneigar, men prøva å legga det fint til etterkvart.
Berre rundt 20 prosent av massane som kan tømast i området er tippa til no.
Markering om nokre veke
– Når prosjektet er heil ferdig, rundt midten av februar, vil Statens vegvesen ha ei lita markering her ute, fortel Bøe.
Det er førebels uvisst kor tid, og i kva omfang, det blir jobba vidare med Lepsøyvegen mellom Storum og Garvikasvingen nær Kongshaug.