Kultur | 31. aug. 2011

Siste kveld på videoen

Os Filmsenter stenger onsdag kveld: Etter over 25 år med videoutleige i Os er det no slutt.

Siste kveld på videoen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 31. aug. 2011 20:51

Bli varsla om siste nytt:
Følg Midtsiden på Facebook

Os Filmsenter fornyer ikkje leigekontrakten i Irisgården.

– Vi har eigarskap i fleire videokioskar i Bergen og ser at vi ikkje får brukt så mykje tid som vi vil i denne på Os, sa Knut Olsen til Midtsiden.no tidlegare i august.

Vil ha inn ny videokiosk

Bowlingen blir driven vidare av Os Bowlingklubb, men førebels har det ikkje kome inn ny drivar eller leigetakar på framre del av lokalet, der videokiosken, tippekiosken og gatekjøkkenet held til.

– Vi jobbar med saka og håper på å få inn tilsvarande leigetakar, seier Jarl Berentsen frå Irisgården AS.

Stenger onsdag - nesten

I skrivande stund er det 10 minutt til Os Filmsenter stenger. Har du filmar du skulle ha levert inn kan du gjera dette mellom klokka 10 og 16 torsdag eller fredag.

– Eventuelt kan du levera dei på MIX-kiosken på Nesttun eller Lagunen, fortel Hanna Waage.

Mange mister jobben

Waage seier ho har likt seg godt som tilsett ved Os Filmsenter.

– Vi er rundt 8 tilsette som no mister jobben. Vi er glade for at bowlingen held fram og håper det kjem ny drivar også på videokiosken.

27 år med videoutleige

I 1977 blei det selt 2000 videospelarar i Noreg, i 1980 blei det selt 11.000, ifølgje Wikipedia.

– Det var mange som ikkje hadde videospelar heime då vi i 1984 starta Os Filmsenter, fortel Leif Jarle Hansen.

Frå før hadde både Esso-stasjonen i Os og radio- og tv-forretninga Jørgen Os utleige.

– Då movieboksen kom (videospelar for utleige, med kodelås/timer) i 1985 tok det seg veldig opp, minnest Hansen.

Den gong var det Beta og VHS det gjekk i, seinare berre VHS og så kom overgangen til DVD og delvis til BlueRay.

I konkurranse med TV2

Leif Jarle og kona Helen dreiv Os Filmsenter i mange år. I 2001 kjøpte Drageset seg inn og filmsenteret flytta frå Telthuskvartalet til Irisgården og fekk 8 bowlingbanar og stor kiosk med gatekjøkken.

– 80-talet blei eit tiår med bra vekst for bransjen. 1992, då TV2 starta, blei eit tøft år, men utover 90-talet stabiliserte det seg.

Helen og Leif Jarle selte seg gradvis ned og våren 2007 selte Leif Jarle seg heilt ut og slutta. Etter nokre år med drift av Norgesgruppen, som eig 51 prosent av Irisigården AS, overtok Åse og Knut Olsen frå Forum Video Os Filmsenter.

Trolljegeren på 2. plass

Dagens drift av Os Filmsenter handlar ikkje berre om film, videoutleige utgjer berre knappe 25 prosent av omsetnaden.

– Snop og brus utgjer rett under 10 prosent kvar, bowling og gatekjøkken over 10 prosent. I tillegg kjem kjøpefilm, småvarer og tippedisken, fortel Hanna Waage.

Til no i år er Trolljegeren, vinnaren av folkets Amanda, som er produsert av osingen André Øvredal, den nest mest leigde filmen i Os.

Utleige - topp 10
(Os Filmsenter, januar - august 2011)
1. Grown Ups - 364
2. Trolljegeren - 240
3. RED - 214
4. The Switch - 197
5. Eat, Pray, Love - 188
6. Salt - 185
7. Unstoppable - 185
8. The Next Three Days - 179
9. Just Go With It - 177
10. The Dilemma - 161

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.