Øyafest | 31. juli 2025

Sjekk bandet Grim har samla saman til i morgon

– Hadde ikkje drøymd om at han skulle få med seg eit A-lag som dette, seier pappa Kjetil Osablod Grønvigh.

Sjekk bandet Grim har samla saman til i morgon
F.v.: Eirik, Grim, Tore Christer og Leif etter gårsdagens øving. Foto: privat
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. juli 2025 17:29

Årets Øyafest er i gang. I dag blei det rekord på Rebus Run, som vi kjem tilbake til i eiga sak (med video og stor bildeserie), i kveld er det gratiskonsert i Homrahølo.

I morgon er det familiedag med trampett, Bjørnis-besøk og VilVite-show.

Før Bjørnis skal trommetalentet Grim Spencer Sælen Grønvigh (13) på scenen. Les meir om talentet, og sjå video, i sakene under.

Han stiller med band, og det er ikkje kven som helst.

Grim sitt band i morgon består av Eirik Strønen Søfteland, Leif Herland og Tore Christer Storlid.

Tore Christer Storlid speler mykje saman med Eirik. Kanskje såg du dei to i lag i konsertserien dei hadde i Griegsamlingen i Oseana den første koronasommaren (2020)?

Leif Herland var bassist i KingCalling, bandet Eirik song i mens han tok seg til finalen i Idol (2013). Herland driv eige platestudio i Bergen og deltar i ulike band som bassist og gitarist. skal spela med trommetalentet frå Os.

– Han kunne stilt åleine, men mange av låtane han speler hadde vore gode å få framført saman med eit band, seier pappa Kjetil Osablod Grønvigh.

Han diskuterte med musikarkameratar, som var einige, og kontakta festivalleiinga.

– Det er spesielt og raust av festivalarrangørane å booka ein ung trommespelar. Då eg spurde om det var rom for å ta med nokre bandmedlemmar var det dessutan grønt lys med éin gong. Køyr på! var beskjeden, fortel Grønvigh senior.

I går samlast dei i Os Rockleklubb sitt lokale på Kuventræ for første øving.

Unødvendig? – Alt sat på første gjennomkøyring, vi hadde ikkje trengt å øva, seier Eirik etter gårsdagen. Foto: privat
Unødvendig? – Alt sat på første gjennomkøyring, vi hadde ikkje trengt å øva, seier Eirik etter gårsdagen. Foto: privat

– Vi har jo fått med oss via video at Grim er god, men dette er verkeleg noko å gle seg til! seier Eirik Søfteland.

– Då vi starta øvinga gjekk han rett på det mest krevjande låten. Vi spelt heile låten heilt ut, og alt sat. «Dette kunne vi jo gått rett på scenen med» utbraut eg etterpå.

– Kvifor takka de ja til å spela med ein 13-åring?

– Blant oss rockemuskarar har ikkje alder noko å seia. Dessutan er det ei ære for oss å få vera med på fødselen til ei verdssjerne.

– Og så hugsar eg sjølv korleis det var å vera tenåring og musikar. Det er sikkert kjekt for han å ha erfarne krefter med seg når han skal spela på sin første betalte jobb.

No er alt duka for at ungar på familiefestival skal få nyta hakket hardare musikk enn cowboy-visene foreldra skal få servert på kveldstid i helga.

Låtar av Iron Maiden, Green Day og – nettopp – KingCalling, står på setlista.

– Det er jo kult at Grim vil spela «Shadow Throne», vår låt frå 2013, ein låt som skal vera ein av dei første han lærte seg. Tidlegare var det faren hans som spelte denne med oss. I går var Kjetil plassert på benken mens sonen var i førarsetet.

I førarsetet skal han i morgon òg. Dette er første og fremst Grim sin jobb, og trommesettet skal fram mot scenekanten.

Trass stødig øving er det truleg ikkje fritt for at Grønvigh junior er spent før spelejobben.

– Det blir nok ei stor oppleving å fåspela på ein sånnscene, med dette bandet, for eit så stort publikum familiefestane kan ha. Han gav gass på øving i går, så han spelte av seg litt hud. Det høyrer med, du blir herda når du sit bakerst i bandet, seier Kjetil O. Grønvigh.

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.