Lokal | 21. okt. 2018

Sjekka hummarteinene i Os hamn

Fiskeridirektoratet letta i teinene langs moloane i dag.

Sjekka hummarteinene i Os hamn
MS «Eir» har vore i Os laurdag og søndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. okt. 2018 20:46

Bildeserie:

Knut Morten Bauge. (Foto: KVB)
Knut Morten Bauge. (Foto: KVB)
Desse teinene blei tatt utanfor Hjellestad. (Foto: KVB)
Desse teinene blei tatt utanfor Hjellestad. (Foto: KVB)
1 av 2
Knut Morten Bauge. (Foto: KVB)
Desse teinene blei tatt utanfor Hjellestad. (Foto: KVB)

Laurdag ettermiddag la MS «Eir» til kai i Os hamn. «Eir» og søsterskipet «Rind» er nye for sjøtenesten til Fiskeridirektoratet, begge er 22 meter lange, har kvar sin lugar til mannskapen på tre, og er hurtig-gåande.

Om bord sto det stabla fleire beslaglagde teiner, men dei var ikkje funne i Os.

– Desse teinene fann vi utanfor Hjellestad. Det meste var greit med teinene, men dei hadde ikkje biologisk nedbrytbar bomullstråd, fortel Knut Morten Bauge.

• Les òg: Ny fredningssone for hummar (2018)

• Les òg: Omfattande tjuvstart på hummarfisket (2017)

«Eir» med mannskap blei liggande i Os hamn over natta. I dag har dei sjekka hummarfisket i Os.

Fekk åtvaring

– Som på Hjellestad står teinene tett langs land. Vi sjekka dei som sto på innsida og utsida av moloane, og rundt ein holme utanfor hamna.

Rundt 20 teiner blei sjekka, og alle var ok.

– Dette var kjekt å sjå! Det einaste vi merkte oss var at enkelte har litt svak merking av teinene. Dei det gjeld hekta vi på ei lita åtvaring, så får vi håpa at dei finn fram sprit-tusjen og merker fleet eller blåsa på nytt.

– Elles vil eg kommentera at folk vi møter, både på sjøen og langs land, uttrykker at dei er glade for å sjå at vi er ute på kontroll. Det er tydeleg at mange bryr seg om hummaren, og at alle følgjer reglane, seier Bauge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.