Sjekkar lekkasje i Landboden
Våt start på søndagen.


Søndag klokka 09.29 meldte 110-sentralen om vasslekkasje i eit leilegheitsbygg i Os sentrum.
Brannvesenet rykte ut til Torggården.

– Det er ikkje store mengder vatn, og lekkasjen er foreløpig ikkje lokalisert, men den kan sjå ut til å ramma fleire etasjar, seier Espen Storum frå Bjørnafjorden brann og redning.
Torggården består av både butikklokale på gateplan, kontor i 2. etasje og fleire leilegheiter.

Huseigar er varsla. Brannvesenet er også i ferd med å varsla butikkdrivar i 1. etasje.
– Vi har pumper og anna utstyr til å fjerna vassmengder og redusera skadeomfang, og til å stoppa lekkasjar der skaden er synleg. Det kan sjå ut som om denne er inne i konstruksjonen på bygget, og det blir no opp til huseigar kva grep han vil fatta.
Bygget var ferdig rusta opp for tre år sidan og blei i mars i år selt av det kommunale eigedomsselskapet Os Bygg og Eigedom.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.