Korona | 29. des. 2021

Sjølvtesting før skulestart

Deler ut hurtigtestar på planleggingsdagen måndag.

Sjølvtesting før skulestart
Elevar i grunnskulen kan henta test gratis på skulane måndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. des. 2021 08:20

Helsedirektoratet ber tilsette i barnehage og elevar og tilsette i barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule om å testa seg med hurtigtest før dei kjem tilbake til barnehagen eller skulen etter juleferien.

Målet er å fanga opp og stansa smitte før oppstart.

Tilsette og elevar skal ta testen tidlegast 24 timar før oppstart. Ordninga gjeld ikkje barn i barnehage.

– Skulane og barnehagane i Bjørnafjorden får hurtigtestar til utdeling måndag 3. januar, opplyser Bjørnfjorden kommune.

Måndag er det planleggingsdag for dei tilsette, og fri for barn og elevar.

Føresette i grunnskulen (barneskule og ungdomsskule) kan henta hurtigtest gratis på eleven sin skule måndag 3. januar mellom klokka 14 og 16.

Om du allereie har ein hurtigtest heime, kan du bruka den.

Dei vidaregåande skulane gir sjølv informasjon til sine elevar og tilsette. Vidaregåande skular er i raudt nivå frå 20. desember til 13. januar.

Har du negativ test kan du gå på skulen eller i barnehagen, så sant du ikkje er sjuk eller har symptom.

Har du positiv test skal du isolera deg heime og ringa smittesporingsleiar på telefon 90834884.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.