Brann og beredskap | 01. jan. 2023

Skadefri inngang på 2023

Fint vêr, mange festar, ingen uhell, men noko tilsnakk.

Os sentrum ved midnatt nyttårsaftan. Klokka 18 i kveld blir det kraftigare fyrverkeri over hamna. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. jan. 2023 08:45

I 01-tida i natt opplyste Vest Politdistrikt at den første timen inn i 2023 gjekk greit for seg, utan meldingar om alvorleg personskade trass mange meldingar om ufornuftig bruk av fyrverkeri og mange folk samla i Bergen sentrum.

I Os var det lite folk i sentrum, men politiet fekk melding om utrygg bruk av fyrverkeri i utkanten av sentrum.

– Litt over klokka 22 var vi ute i eit nabolag. Der var vi i kontakt med ei gruppe mindreårige, og informerte dei om skadepotensialet ved ufornuftig bruk av fyrverkeri, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Les ògMann pågripen etter knivstikking

Også brannvesenet har hatt lite å gjera på i samband med nyttårsfyrverkeriet.

110-sentralen meldte klokka 16.50 om røykutvikling i ein bustad i 16.50-tida. Årsaka var elektronikk og branntillaupet blei raskt sløkt.

Klokka 20.10 kom det melding om brann i eit søppelspann på Øyrane Torg.

Det er venta ei større samling av folk i sentrum klokka 18 i kveld, når Pro Pyro skal stå for ei profesjonell markering av starten på 2023.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.