Sport | 11. mai 2018

– Skal førebu oss godt

Ostrenaren er ikkje heilt nøgd med avdelingsoppsettet for neste sesong. – Eg hadde ønskt meg færre andrelag.

– Skal førebu oss godt
Anna Martine Særvold Mjånes var ei av ungjentene som tok steget opp til 2. divisjon på slutten av fjorårssesongen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 11. mai 2018 15:47

Avdelingsoppsettet for handballdamene i 2. divisjon er no nesten klart. Det blir stort sett møte med lag dei også spelte mot i inneverande sesong, då Os berga plassen i siste serierunde heime mot Fana 2.

– Nettopp det at vi har tre andrelag i pulja er eg ikkje så glad for. Vi veit aldri kva lag dei stiller med og det kan fort bli litt urettferdig og slå ut begge veger. I fjor følte eg at vi var litt uheldige i fleire av kampane mot desse laga. Til dømes borte mot Rælingen 2, kor dei stilte eit heilt anna lag med fleire 1.divisjonsspelarar enn dei hadde hatt med seg til Bergen helga før, seier Gitte Torp, nytilsett hovudtrenar for Osdamene.

Desse møter Os

Dette er laga Os skal møte i 2. divisjon, avdeling 2:

Nordstrand, Nit/Hak, Rælingen 2, Oslostudentene, Oppsal 2, Åsane, Fyllingen, Stord, Årstad, Fana 2.

I tillegg skulle dei ha hatt Gneist i avdelinga, men dei har fått tilbod om spel i 1. divisjon etter at Glassverket har trekt laget.

– To av andrelaga, Rælingen og Fana, har jo rykka opp til eliteserien, så eg rekner med at dei styrkar stallene sine, noko som sikkert vil påvirka også andrelaget deira.

Hadde håpa på moderklubben

Torp fortel at ho hadde håpt på at laga frå Region Vest hadde blitt satt opp mot laga frå Stavanger-området eller frå Region Innlandet.

– Eg hadde håpt at det hadde håpt vi skulle ha fått møtt fleire nye lag enn berre Nordstrand neste sesong. Aller helst hadde eg håpa på at vi skulle bli i pulje med Innlandet for då hadde eg fått møtt moderklubben min Kongsvinger som rykka opp i år, ler Torp.

Skal vera godt rusta

Ostrenaren veit at ho har lite anna å gjera enn å førebu laget best mogleg for den kommande sesongen.

– Vi må berre forholde oss til det oppsettet som har kome. Det blir ei tøff avdeling, kor vi kjenner dei fleste laga, så vi må berre gjera det vi kan for å vera best mogleg rusta når serien kastast i gang.

– No går vi i gang med grunntreninga 21. mai og held godt trøkk fram mot sommaren, så håper eg jentene er flinke til å skjøtte eigentreninga den tida vi skal vera frå kvarandre i sommar. Vi treng å ha eit godt grunnlag før vi går i gang med den meir tekniske og spelemessige treninga, avsluttar Gitte Torp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.