Skal nå toppen i 22-tida
Sånn såg det ut i Os hamn i ettermiddag.
Bildeserie:
Det er meldt kuling frå sør i kveld, og utover dagen auka vindstyrken på.
På det kraftigaste i 22-tida i kveld er det venta 15,5 m/s, noko som tilsvarar stiv kuling. Liten storm når du først ved 20,8 m/s.
Klokka 21.33 er det full flo, noko som gjer at det truleg vil skvulpa godt i Os hamn og andre sørvendte viker seinare i kveld.
I 16-tida skumma det godt på bølgjetoppane ute i fjorden, og over bølgedemparane. Det skvatt òg lit over begge dei ytste moloane.
Gjerde velta ut i vegen
– Med unntak av ein automatisk brannalarm i ein bustad på Lurane, som var løyst ut av ukjent årsak, har vi ikkje vore ute på oppdrag i kveld, seier varabrannsjef Erik Walden.
– Men eg kjenner til at teknisk eining i Os kommune var ute for å få vekk eit gjerde som hadde ramla ut i vegen i Holtbrekka.
384 utan straum
Det er to straumbrot i bergensområdet no, 31 abonnentar i Bergen sentrum er utan straum og 353 abonnentar frå Kalandseid inn mot Bontveit manglar straum.
Ifølgje BT.no er Sotrabrua i skrivande stund open, men det er målt 18 m/s vind og opptil 27 m/s i kasta.
Har vind eller bølgjer gjort skade der du er?
• Send informasjon og bilde på tips@midtsiden.no.
Kraftig vind fram til torsdag kveld
Det er venta noko rolegare vindforhold i Os onsdag på dagtid, men på kvelden og natt til torsdag skal den opp i 10-12 m/s igjen.
Frå torsdag kveld skal den ned i 6-7 m/s.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.