Kultur | 20. juni 2021

Skåtun og Hjertaker fekk årets kulturstipend

To musikarar fekk 20.000 kroner kvar.

Skåtun og Hjertaker fekk årets kulturstipend
Håvard G. Skåthun (t.v.) og Thomas Hjertaker fekk stipendet tildelt på Osøyro laurdag. (Foto: Bjørnafjorden kommune)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. juni 2021 07:19

I fjor gjekk kommunen sitt kulturstipend til dansar Ingrid Rosvold og fotballspelar Madelen Koldal Holme.

I går blei årets kulturstipend delt ut av ordførar Trine Lindborg (Ap) i samband med UKM-arrangementet (Ung Kultur Møtes) i Os sentrum.

Her er 9 av dei 19 siste mottakarane av Os kommune sitt kulturstipend. (Alle foto: Midtsiden)
Les ògSjå liste: Mottakarane av kulturstipendet frå 2006 til 2019

Pressemelding:

Bjørnafjorden kommune sitt kulturstipend for ungdom 2021 er tildelt Håvard Grøndal Skåtun (låtskrivar og musikar) og Thomas Hjertaker (obo).

Dei er begge musikarar, men med ulikt kunstnarleg uttrykk. Felles for begge er at dei er ambisiøse og hardtarbeidande talent innan sine representative sjangrar.

– I år fekk vi 14 søknadar frå mange gode kandidatar. Dette syner at vi har eit stort mangfald og mange unge talent i Bjørnafjorden. Det lovar godt for framtida!

Thomas Hjertaker (19)

Trass i sin unge alder, har Thomas allereie markert seg som eit stort obo-talent - også nasjonalt.

Thomas har nyleg avslutta vidaregåande skule på musikklinja på Langhaugen vidaregåande skule. Parallelt har han hatt solokonsertar og spela i Os musikkforening, Os skulekorps, Bergen ungdomssymfoniorkester og vore elev på Barrat-Dues unge talentprogram.

I vinter prøvespela han ved høgskular og konservatorium i heile Norden (rykta fortel at han fekk tilbod om plass ved samtlege skular).

Thomas har vald å studere ved Barrat-Due Musikkinstitutt under den anerkjende oboisten David Strunck. Han har store ambisjonar om ein profesjonell karriere som oboist, og ønskjer å bruke stipendet til å investere i nytt instrument.

Håvard Grøndal Skåtun (26)

Låtskrivar og musikar

Håvard er ein hardtarbeidande musikar med store ambisjonar og planar for dei komande åra.

Allereie i 2014 spela han inn EP-en "Living out loud" i Nashville, og året etter var han tilbake for å fullføre albumet "Flying in the free".

2020 var eit utfordrande år, men Håvard har brukt tida godt. Via Skype har han mellom anna skrive låtar saman med låtskrivarar frå Nashville, og brukt mykje tid i studio for å spele inn musikken.

No er opptaka ferdige, og skal ferdigstillast med miksing og mastering.

Håvard har ikkje eit stort apparat med plateselskap og artistbyrå i ryggen, så stipendet skal brukast til å ferdigstille innspelinga, til promotering og til å formidle musikken til eit større publikum - kort sagt til å utvikla seg som artist!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.