Skiløype på Kuventræ
Gode, lokale forhold for kos og trening.


Snøen kom tidleg denne vinteren, og det er meir i vente.
Då måtte Os Idrettspark fram med sporsetjaren sin for å laga skiløype på Kuventræ.
– Vi lagde spor etter det store snøfallet tysdag morgon. Då lagde vi både på kastfeltet og løpebanen, fortel Olav Endre Monstad frå Osbadet og Os idrettspark.
Skisporet på løpebanen blei torsdag morgon fjerna, men løypa på kastfeltet har dei halde på.

– Spora på løpebanen blei dårlege. Sidan det også er meldt meir snø, brøytte vi dei vekk i formiddag, forklarer Monstad.
– Det er eit lite, men fint tilbod til dei som ønsker å stå på ski i heimbygda. Det har vore noko bruk, men eg har inntrykk av at det er god plass til fleire.
Kortvarig glede
På same måte som vi sjeldan har mange samanhengande sommardagar, og må vera raske med å henta fram grillen - må du nok også visa handlekraft om du vil trena i skispora på Kuventræ.
Skal vi tru på meteorologane vil vinteridyllen regna vekk frå laurdag kveld og dei neste dagane.
– «Skispor-bransjen» er ikkje ein sjølvsagt bransje.
– Vi veit ikkje kor lenge denne snøen blir liggande, men vi håper på fleire periodar med snø seinare i vinter, seier Monstad.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.