Skøyter | 30. apr. 2023

Skøyte-VM 2024: Halve neste tur er utselt

– Det ligg allereie an til å bli ei veldig kjekk helg i Inzell og Salzburg.

Skøyte-VM 2024: Halve neste tur er utselt
Hans Parnefält, her i Lemmer utanfor Heerenveen under VM i mars, gler seg allereie til neste tur. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 30. apr. 2023 10:41

Fredag til søndag 8. til 10. mars 2024 blir VM på skøyter arrangert i tyske Inzell.

Det er same by som Os Travel i 2019 arrangerte sin første skøytetur, og den gong blei det full klaff med historisk gull på 5000 meter til Sverre Lunde Pedersen.

– Den gong var vi 40 på tur. Året etter fylte vi Vikingskipet med 104 lokal supportarar, 56 av oss budde samla, mens andre budde privat eller ordna seg på andre måtar i og rundt Hamar, fortel Hans Parnefält.

I mars, for knappe to månadar sidan, var 60 osingar på tur med Os Travel til VM i Heerenveen.

– Det blei ein veldig fin tur! Mange kjente kvarandre frå før, fleire stifta nytt bekjentskap eller blei endå betre kjent.

– Sportsleg blei det også bra, då vi starta og slutta med gull og Sverre fekk gå ein fin 5000 meter og var med på å ta bronse i lagtempo.

No er ny tur sett opp til VM 2024 i Inzell.

– Vi held på programmet frå 2019, med fly til München, hotell i Salzburg og buss 40 km til og frå Inzell.

– Inzell er ein flott stad, og det er ekstra stemning i partytelt utanfor arenaen etterpå. Men Salzburg er noko for seg sjølv, ein destinasjon av ein by, med mange fine bygg og viktig historikk.

– Det er eit anna hotell denne gong, like nær sentrumskjerna, i ein interessant og fin bydel.

Os Travel har halde av flybillettar, hotellrom og tribunesete til ei like god gruppe denne gong.

Turen blir lagt ut for sal i dag, men det er allereie førehandsbestilt 35 plassar.

– Vi legg opp til at alle skal få plass på éin buss. Ein vanleg buss har 58 sete, men eg har også halde av ein dobbedekker, som har plass til 79.

– Men det er altså cirka halvvegs utselt allereie, så eg trur vi blir ein god gjeng!

– Er vi heldige så har Sverre fått ei kjempegod oppkøyring, og går for medalje igjen, og vi får eit VM-uttak på nevøen Emil Pedersen Matre .

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.