Lokal | 25. nov. 2019

Skreiv ut 10 fartsbøter på Ulvensletta

Politiet har òg fått melding om innbrot og utforkøyring på glatt veg.

Skreiv ut 10 fartsbøter på Ulvensletta
Politiet tok mange fartssyndarar i 50-sona på Ulvenvegen laurdag formiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. nov. 2019 10:22

Laurdag formiddag hadde politiet fartskontroll i 50-sona på Ulvenvegen.

– Patruljen sto på staden frå klokka 11.50 til 14.04 og skreiv ut ti forenkla forelegg, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Høgaste målte fart var 72 km/t i 50-sona, noko som kvalifiserer til 8.500 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Søndag morgon frå 08.05 til 09.19 hadde politiet promilekontroll i Irgenskrysset. Der blei 34 bilistar kontrollerte, alle var edru.

• Les òg: Vaksne i slåstkamp og ungdom tatt med hasj

I autovernet i Hegglandsdalen

Laurdag kveld klokka 21.39 blei politiet oppringt av ei dame som hadde køyrd utfor Hegglandsdalsvegen.

– Ho var uskadd, men ville varsla oss om at det var glatt på staden.

Bilen var bulka, men køyrbar. Kvinna køyrde sjølv til legevakt for å få seg ein sjekk.

Det var 8-9 gradar på dagtid i helga, men lokalt glatt fleire stadar. Midtsiden fekk òg melding om blåis frå Ulven til Lysekloster i 07.50-tida laurdag morgon.

Innbrot i klubblokale

Søndag i 10-tida fekk politiet melding om innbrot på ei adresse nord for Os sentrum.

Innbrotet skal ha skjedd hos eit frivillig lag.

Ei rute blei knust, men det er uvisst kva som er stole.

– Det blei seinare på dagen funne ein gjenstand frå klubblokalet utandørs, i nærleiken. Vi har oppretta sak, fortel Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.