Politi | 26. mai 2021

Skreiv ut 18 fartsbøter i Os i går

UP sto med laseren tre stadar i Os i går.

Skreiv ut 18 fartsbøter i Os i går
I førre veke tok dei to førarkortbeslag her. I går stoppa dei 14 fartssyndarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. mai 2021 06:57

Bjørnafjorden lensmannskontor har ikkje noko å melda frå i går, men har fått rapport frå kollegaene sine i Utrykningspolitiet.

UP hadde laserkontroll tre stadar i går.

På Byvegen frå klokka 17.50 var det ingen som køyrde for fort, men éin bilførar som fekk forenkla forelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon,

Frå klokka 18.38 sto dei på Lyseklostervegen ved Ulven leir. Der tok dei to førarkortbeslag i førre veke, utan at det var avskrekkande for alle.

I går delte dei ut heile 14 forenkla forelegg på staden. Høgaste fart blei målt til 73 km/t i 50-sona, noko som kvalifiserer til 9.050 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Klokka 20.21 flytta dei seg til Hegglandsdalsvegen. I ei 50-sone stoppa dei 4 fartssyndarar.

Høgaste fart blei målt til 66 km/t, noko som resulterer i 5.850 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.