Politi | 20. mai 2021

UP tok beslag i to førarkort

UP med fartskontroll i Os i går.

UP tok beslag i to førarkort
UP sto på Lyseklostervegen ved Ulven leir. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. mai 2021 07:19

Utrykningspolitiet hadde fartskontroll i Os i går. På Lyseklostervegen, ved Ulven leir, blei det to førarkortbeslag.

– Ein mannleg bilist på rundt 30 år blei målt i 83 km/t i 50-sona, ein mann i midten av 50-åra blei målt i 79 km/t på same stad, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Dei to målingane fann stad klokka 16.28 og 17.57.

Avskilting og borttauing

Ein patrulje kom klokka 00.43 over ein parkert bil på Halhjem ferjekai som ikkje er EU-godkjent.

Klokka 06.35 torsdag morgon kom dei over ein bil parkert i Os sentrum som ikkje er forsikra.

Begge blei avskilta og med eit informasjonsskriv i vindauget.

Ein uregistrert bil parkert i Lysefjorden blei i går begjært taua. Bjørnafjorden lensmannskontor har rekvirert Viking til oppdraget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.