Skulle berre ta to kast - fekk sin første laks

Sånn kan det gå når kjærasten får prøva fiskestanga.

Monica Lund fekk i dag sin første laks (3,9 kg) - tatt på spinner i Spannstegen på Søfteland. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. juni 2015 14:01

I natt opna årets laksefiskesesong i Oselvo.

Sjå bildeserie og video: Knallopning i Oselvo

Måndag formiddag var Monica Lund i Spannstegen på Søfteland for å fiska med sambuaren Roald Berge Helle.

– Då eg var liten prøvde pappa å få meg med, men eg var ikkje så interessert. Men i fjor var eg med Roald kvar einaste dag og eg har fått sansen. Det er veldig koseleg å sitja ved Oselvo, synest Monica.

Det blei lite fangst på Helle, som også er grunneigar i Osvassdraget, i fjor, og Monica har aldri fått laks før. Men måndag formiddag blei det både napp og fangst.

«Kjæraste min, no må du koma»

Det var då Roald skulle kryssa elva og gå ut på ei øy i Spannstegen at Monica skulle ta eit par kast.

– Først trudde eg at eg hadde sett kroken i botnen, men så kjente eg at det levde. Då ropte eg på Roald.

«Kjæraste min, no må du koma», ropte ho.

Då fekk Helle fart på beina.

– Eg trur han var meir stressa enn meg, ler Monica, som er glad for at laksen var grei og blei enkel å få på land.

Fangsten var tatt på spinner og er 3,87 kg tung.

– Roald meinte han såg ein laks til, så eg blei ståande å kasta heilt til eg måtte gå for eg skulle på jobb, fortel den ferske og ivrige laksefiskaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.