Politi | 12. mai 2021

– Skulle vore avskilta i februar

Blei stoppa av politiet i natt.

– Skulle vore avskilta i februar
Bilen blei stoppa på Lepsøyvegen i natt. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. mai 2021 07:15

Klokka 03.20 natt til onsdag kontrollerte politiet ein bil på Lepsøyvegen.

– Det viste seg at bilen var begjært avskilta i starten på februar, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Årsaka var manglande EU-godkjenning. Bilførar, som også er bileigar, er ein mann på rundt 20 år.

– Han fekk lov å køyra heim, sidan han bur i nærleiken, men no er bilen parkert fram til den blir utbetra og godkjent.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.