Kultur | 09. mai 2017

Slepp to nye fag inn i kulturskulen

June Strønen Halhjem og Janie Frostad Laupsa blir lærarar på Musikkteater. Morten Norheim får ansvaret for fordjupning i musikk.

Slepp to nye fag inn i kulturskulen
June Strønen Halhjem, Morten Norheim og Janie Frostad Laupsa er lærarar i dei nye faga på Os kulturskule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 09. mai 2017 12:56

Allereie er det kjent at Os kulturskule frå hausten av vil koma med eit nytt tilbod når dei saman med Oseana tilbyr utdanning i visuelle fag.

– Der er vi i prosess med å tilsetja læraren. Då søknadsfristen gjekk ut hadde vi fått 14 søkarar og det ser ut til at mange av dei er interessante kandidatar, fortel kulturskulerektor Christian Breistein.

I tillegg lyser dei snart ut ei stilling på Fusa som lærar i Hardingfele-spel. Eit tilbod som i følgje rektor har vore etterspurt.

Meir til dei ivrigste

No kan Breistein fortelja at dei i tillegg lanserer to nye fag frå hausten av.

– Det første er fordjupning i musikk. Vi har allereie fordjupning i dans, men no får også kvalifiserte song- og musikkelevar tilsvarande tilbod. Forutsetninga for å bli tatt opp på fordjupning musikk er at du har kome litt lengre og at du har ein modenheit.

– Dei som har lyst til å søka, bør gjera det i samråd med spelelæraren sin, seier Breistein.

Tilbodet er eit ekstratilbod med eigen kontingent.

Fem seks fordjupningssamlingar i året

Fordjupninga vi gå føre seg ved at ein får ti minutt ekstra undervisning kvar veke, noko som tilsvarar ei auke på 50% og at ein, saman med dei andre elevane på fordjupning blir med på fem seks samlingar i løpet av skuleåret. Morten Norheim vil leie desse.

– Vi har 2-3 plassar i Fusa og 10-12 plassar i Os. Samlingane som eg har fått ansvaret for er felles for elevane på tvers av instrument, anten det er fiolin, piano, trommer eller song. Fokuset på desse samlingane vil vera på sider av musikken ein ikkje får tid til å fordjupa seg i gjennom vanleg enkeltundervisning. Dømer på dette kan vera arrangering/komponering, gehørtrening, musikkhistorie og improvisasjon.

– I tillegg blir det sjølvsagt speling, men kanskje på ein litt anna måte enn det elevane opplever i den vekentlege undervisninga. Eg har som mål om at det skal bli både gøy og lærerikt, seier Morten Norheim.

Forlenging av sal og scene

Det andre nye tilbodet kulturskulerektoren lanserte tysdag er Musikkteater.

– Vi skal ikkje ta opp konkurransen med dei teatergruppen som finst i bygda frå før, men heller bli eit supplement til desse. I tillegg ønskjer vi å vera eit supplement til sal- og scene, som er valfag i ungdomsskulen, forklarar Breistein.

June Strønen Halhjem og Janie Fostad Laupsa er tilsett som lærarar i det nye faget.

– Vi har plass til 25-30 elevar og vil ha undervisning èin time i veka. Musikkteater vil vera eit tilbod for elevar frå åttande klasse til siste året på vidaregåande skule. På den måten håper vi at elevar som tykkjer sal- og scene er gøy vil finna ein stad dei kan helde fram med det, både på fritida og når dei byrjar i den vidaregåande skulen, seier June Strønen Halhjem.

Konsertar og show

Strønen Halhjem ser fram til å ta til arbeidet.

– Målet er å setta opp litt småkonsertar med dans og drama gjennom skuleåret, for så å avslutta det heile med eit større prosjekt kor vi samarbeider med dei andre lærarane og faga i kulturskulen.

– Innhaldet i undervisninga blir i tillegg til ulike oppvarmingsteknikkar, teatersport, sang, dans og drama, avslutter Strønen Halhjem.

Begge dei nye tilboda har søknadsfrist 22. mai via kulturskulen si heimeside på oskommune.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.