Lokal | 13. apr. 2015

Slepp truleg å pæla

Førebuingane til parkeringshusbygging i Os sentrum er i gang.

Slepp truleg å pæla
I førre veke var Multiconsult i Os for å gjera grunnundersøkingar der parkeringshuset skal byggast. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 13. apr. 2015 20:25

I oktober fekk Os kommune presentert forslaga til nytt parkeringshus, i februar blei det klart at formannskapet ikkje ville gå vidare med nokre av forslaga.

Både fotavtrykk på bygga og dei øvrige skissene gjekk langt utover reguleringsplanane og konkurransegrunnlaget. Difor ba prosjektstyret for Liv på Øyro prosjektavdelinga på rådhuset om å koma med eit nedskalert prosjekt.

Arbeidet er i gang.

– Slepp truleg å pæla

I førre veke var Multiconsult på bussterminalen, som skal få parkeringshus over seg, for å ta grunnundersøking.

– Det er utført grunnboring og analysar av massene. Då rådhuset blei bygd var det, så vidt eg kjenner til, ikkje pæling. No ser det ut som om massane under bussterminalen har nokolunde same geotekniske konsistens, at vi slepp å pæla. I alle fall så lenge parkeringshuset ikkje skal bli høgare enn rådhuset, seier prosjektleiar Tor Inge Døsen.

Rådhuset er fire etasjar høgt, tre la med betongdekke over gateplan og eit lettak over toppetasjen.

Klar plan før september

Målet er å få lagt fram ferdig prosjekt i september.

– Då skal eg ha ferdig skisser og pris, kanskje også finansieringsplan.

Døsen vil engasjera arkitekt på nytt. Mens faggruppa valte Abo sitt forslag gjekk formannskapet for Link sin «Generator». Link vann konkurransen og får, trass i at dei ikkje trefte innertiar, betalt vinnarpremien.

– Det er ikkje sikkert at Link vil ta oppdraget med å teikna nytt, nedskalert prosjekt, men eg skal først i møte med dei, så får vi sjå.

144 + 66 plassar

Planen er å legga fram eit prosjekt med to byggetrinn, det første på 144 plassar, det neste på 66, i alt 210 parkeringsplassar over bussterminalen og tomta mot Statoil.

– Trinn to kjem når riksvegen er retta opp, altså om og når det er ommøblert på Statoil eller om Statoil-stasjonen blir fjerna.

Frikjøp og meir grøntareal

Blant måla med parkeringshuset er bygging av fleire bustadar i Os sentrum, som er eit overordna mål i Liv på Øyro-prosjektet og i tråd med analysen frå Asplan Viak.

– Del av finansieringa av parkeringshuset skal koma frå frikjøp frå parkeringskravet for bustadbyggarar i sentrum. Det betyr ikkje at folk kan kjøpa seg ein plass i huset, det blir ingen med private plassar, men at den samla mengda parkeringsplassar i sentrum er forsvarleg i forhold til bustad, handel og arbeidsplassar.

Dette er på same måte som bustadbyggarar i by- og bygdesentrum kan kjøpa seg frå frå kravet til friareal/leik i anna grøntareal i nærleiken. Og grøntareal blir det også meir av når parkeringshuset er ferdig.

– Plassen utanfor rådhuset mot hamna har under 100 parkeringsplassar. Store delar av denne blir park når parkeringshuset er klart til bruk, noko som igjen er med på å legga til rette for fleire sentrumsnære bustadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.