Nore Neset idrettslag | 16. juli 2022

Søkte om midlar til pumptrack - bygger noko meir permanent

Bygger over hundre meter med sykkelbane gjennom skogholt.

Tore Færevaag har med Os Hageservice AS tatt oppdraget. Han har også kjempa for at alle trea skal bli ståande. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 16. juli 2022 16:11

Parallelt med ny fleirebrukshall, er det pågåande grave- og grusearbeid mellom idrettsanlegg og barneskule.

– Vi søkte og fekk midlar til pumptrack, men fekk tilbakemeldingar frå nokre elevar at ein sånn bane fort kunne bli lite spennande, fortel dagleg leiar i Nore Neset il, Eirik André Hesthamar.

Pensjonisten Steinar trør ekstra til i ferien, så sonen Eirik André Hesthamar kan få seg litt fri før siste innspurt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògPå omvising i ny hall på Nore Neset

I staden gjekk dei for noko meir permanent, mellom knausar og kortvaksen furu.

– Os Hageservice har vore med på å bygga noko liknande, men på opparbeidd skuleplass på Tysnes. Han skissa ein plan, og vi gjekk for den.

Resultatet er i ferd med å visa seg, ei litt over 100 meter lang løype, delvis kupert og ganske svingete mellom buskar og småtre i terrenget bak der den gamle kiosken ved banen sto.

Bildeserie:

Eller inn i skogen nærmare RC-bil-banen. (Foto: KVB)
Inn frå langsida av banen, der den gamle kiosken sto. Barneskulen i bakgrunnen. (Foto: KVB)
Eller inn i skogen nærmare RC-bil-banen. (Foto: KVB)
Inn frå langsida av banen, der den gamle kiosken sto. Barneskulen i bakgrunnen. (Foto: KVB)
1 av 2
Inn frå langsida av banen, der den gamle kiosken sto. Barneskulen i bakgrunnen. (Foto: KVB)
Eller inn i skogen nærmare RC-bil-banen. (Foto: KVB)

Tjukk pukk blir køyrd ut til traseen, seinare kjem asfalt.

– Vi held på mest mogleg av det som er her frå før. Området i seg sjølv er fint for leik, når løypa er ferdig kan den bli spennande både for dei på sykkel og andre som vil stå på skateboard, sparkesykkel eller rulleskøyter, seier Færevaag.

Kostnaden blei noko høgare, frå pumptrack til 600.000 til sykkelbane til 1 million, men idrettslaget håper denne blir meir brukt over lengre tid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.