Handball | 25. sep. 2022

Solid sesongstart for herrelaget til Nore Neset

Står med 39 plussmål etter sesongens to første kampar.

Solid sesongstart for herrelaget til Nore Neset
Laget som vann solide 42-12 over nynedrykka Florø i går. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. sep. 2022 06:25

Nore Neset sitt herrelag, som i sommar fekk Isak Røen som spelande trenar opna serien mot Gneist 2 for to veker sidan.

Dei vann 31-22 (16-11).

Dei som skåra flest var Isak Røen 7, Jonas Lerch Dahl 6, broren Jørgen og Oliver Hesthamar hadde 5 kvar.

– Alle utespelarane skåra minst 2 kvar. Vi køyrer tempo og har løpt motstandar i seink begge desse første rundane, seier Røen nøgd.

I går tok dei imot Florø, som rykte ned frå 3. divisjon i vår.

Der blei det solide 42-12 (19-8).

– Eg er nøgd med at vi køyrer på kampen ut. 42 mål på 60 minutt er mykje, men det som imponerer meg mest er at vi har berre 12 baklengsmål. Etter pause slepp vi inn berre fire mål.

Røen skåra 14, Bendik Oen 9, Hans Arne Midtbø 5 og Jonas Lerch Dahl og Mats Berge Brunvatne 4 kvar.

– Dette blei ein kjekk generalprøve i den nye hallen, som har offisiell opning søndag.

– Vi fekk tilbakemelding frå ny tribune at folk synest det var kjekt å sjå på. Alle dei første fire kampane våre er på heimebane, og vi har plass til både fleire på banen og fleire på tribunen når vi neste helg tar imot Bergen, som vann sin første serierunde med ti mål, og truleg vi by på meir motstand.

– Fleire på banen? Kor mange herrespelarar er det i stallen?

– Vi har to lag no, og ein god arena for dei fleste, ogs dei som ikkje har spelt på ei stund. Med førstelaget har vi vore berre åtte i den eine kampen og 12 i den andre. Eg og Fredrik Andresen har vore dei to eldste, og har saman med ungdomen klart å halda eit visst tempo.

Nore Neset 2 speler i 5. divisjon. Dei har seriestart borte mot Fyllingen 3 i siste halvdel av oktober.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.