Vêret i Os | 19. mars 2023

Solrik måndag - grå veke

Vêrmelding for veka som kjem.

Solrik måndag - grå veke
Steinneset, Haugsneset og Lurane sett frå sjøen i går. I bakgrunnen står «hovdingen Møsnuken og ser utover grendene», som det heiter i «Song til Os». (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 19. mars 2023 13:36

Etter ein våt slutt på arbeidsveka torsdag og fredag fekk vi i går ein vindstille og nesten skyfri dag i Os.

I dag er det grått og vått, i morgon er finvêret tilbake, men berre for éin dag.

Måndag er det meldt overskya på formiddagen, men lettskya frå 11-tida.

Det skal vera opphaldsvêr fram til i 14-tida tysdag, så skal det regna resten av dagen.

Det er meldt regnbyger også onsdag, torsdag og fredag, men neste helg, laurdag og søndag, er det meldt sol igjen.

Temperaturen skal halda seg på 6 til 8 plussgradar denne veka, vindstyrken er venta å halda seg rundt 3-4 m/s.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.