Solstrand, landliggjartradisjonen og blått skilt
Lesarinnlegg: Det er ei ære å bli tildelt eit blått skilt.


Tekst: Ingebjørg E. Astrup, styreleiar i Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag
Foto: Solstrand sitt historiske bildearkiv
Klokka 15 i dag, tysdag 3. juni, er det avduking av «Blått skilt» på Solstrand Hotel og Bad.
Vertsskapen, Børrea Schau-Larsen, tar imot både Ingebjørg E. Astrup, ordførar Terje Søviknes og direktør for Bymuseet, Bjørgvin Thorsteinsson, til avdukinga.
Blått skilt
«Blått skilt» er eit omgrep som er kjent dei fleste stader i landet. Skilta presenterer kulturhistorie i kortform, og fortel oss om ein bygning, ei historisk hending eller ein viktig person som er knytt til bygget eller staden.
I Noreg kom dei første blå skilta i Oslo på slutten av 1980-talet, og nasjonalt er det Oslo Byes Vel som har patent på skilta.
Dei er følgeleg eit designprodukt som det ikkje er lov å kopiera. Føringar og prosedyre er presentert på nettstaden www.blaaskilt.no.
Denne måten å informera om bygg er også eit internasjonalt konsept, og i London har ein til dømes informert om bygg og historie i om lag 150 år. Det er ei ære å bli tildelt eit blått skilt.
Landliggjar og samferdsle
På Solstrand er det spor etter ein viktig person: Christian Michelsen, vår første statsminister i Noreg i 1905.
Landliggjartradisjonen som ein reknar frå ca. 1850 til slutten av andre verdskrig, gjev bakgrunn for at han etablerte seg i Os.
Det var byfolk som ferierte på landet som vart omtalt som landliggjarar.

I vårt område var den gryande turismen nær knytt til utviklinga av samferdsla mellom by og land: etablering av dampbåtruter på 1860-talet, tog med Nesttun–Os bana som opna i 1894, og forbetring av vegnettet for bil- og busstransport. Geografisk låg Os ideelt til med relativt kort veg til den nest største byen i Noreg.
Landliggjarane flytta inn i stovene på gardane, medan huslyden flytta til kjellaren eller til nokre av uthusa som høyrde til garden.
For bonden var det eit høve til å tena nokre kroner på å leiga ut huset for sommaren, og familiane som kom var der heile skuleferien, medan far i feriefamilien gjerne pendla mellom by og land i helgane.
Slik var det ikkje berre varer som vart frakta med dampen, men også folk. Pionerane i denne tidlege turismen var velståande byborgarar.
Å bu under same tak så tett på kvarandre, må ha kravd omsyn frå gards- og byfolket. Det er peika på at døgnrytmane som oftast var så ulike at dei ikkje gjekk i vegen for kvarandre sjølv stader der dei måtte dela kjøken og gang.
Ofte var det den same familien frå Bergen som leigde i mange år på rad, ja, i tiår.
Landskapet
Gardane på austsida av Osøyro var attraktive. Her var det også vegsamband med postvegen til Hatvik. Rimeleg avstand til dampskipskai og etter kvart togstasjon var også ein føresetnad for det populære området.
Døme på kor verdsett dette strekket var, har vi frå tidleg på 1900-talet då familiane betalte 200 kr for å vera ein sommar på Lyssand eller Bø, medan dei betalte 50 kr på Søre Neset. Etter kvart vart det utleige på mange av gardane i bygda.

Landskapet med fjord og fjell gav ei god oppleving, og den tidlege turismen frå 1850 sette ein ny målestokk på verdiane i landskapet og naturen. Strekninga Osøyro - Molda hadde både fritt utsyn mot strender, fjord, fjell og bre. Sjølve jordbrukslandskapet her passa godt inn i
nasjonalromantikken sitt idealbilete av landsbygda, med vidstrakte bøar og gravhaugar frå fordums tider. Sjølv om fleire av dei mest pengesterke familiane etter ei tid kjøpte seg eigedomar på staden og bygde sjølve, så forblei desse gardane mellom dei gjævaste for byfolk.
Etablering
Fyrst ute med å etablera seg på eigen eigedom var Johan Anton Mohr Mowinckel. I 1883 kjøpte han Molda som var ein stasgard, seinare kalla Moldegård.
Tidlegare hadde han vore landliggjar på Hauge. Johan A. Mowinckel var ein av dei som teikna aksjar for jernbaneanlegget Nestun- Osbanen.
Saman med Fredrik G. Gade kausjonerte Mowinckel for eit lån som var større enn midlane som aksjeteikninga hadde ført til, og såleis gjorde dei det mogleg å starta arbeidet med å byggja banen.

Mowinckel var kjøpmann og skipsreiar i Bergen. Sonen hans, som heitte Johan Ludvig, tok over i 1918. Han var også skipsreiar, men er mest kjend som statsminister i Noreg i tre periodar.
Kystlina i Os vart oppdelt av større og mindre strandeigedomar som høyrde til skipsreiar og kjøpmannsfamiliar frå Bergen som til dømes: Mowinckel, Hagelsteen, Lothe, Grieg, Wallendahl, Kjøde, Westfal-Larsen med fleire.
På 1880-talet vart det bygd tre hotell på Os: Osøren Hotell, Nielsens Hotell og Elvigs Hotell. Desse hotella var nok bygde for både landliggjarar og gjenomreisande. Det kom òg fleire pensjonat.
Solstrand Hotel og Bad
Christian Michelsen var som nemnt den fyrste statsministaren i den sjølvstendige nasjonen vår. Han var også skipsreiar, og han kjøpte Haugstræ under garden Hauge og vart eigar av den attraktive strandlina langs fjorden.
Når Christian Michelsen etablerer Solstrand Hotel og Bad i 1896, er det ikkje eit typisk turisthotell han byggjer, men eit landliggjarhotell, eit sommarhotell.

I Christian Michelsen sin krets var det fleire samfunnsbyggjarar med roller innanfor kultur og næring: Haakon Shetelig frå Universitet, apotekar Lothe frå Svaneapoteket og Joachim Grieg som var ein føregangsmann på fleire område innan norsk skipsfartsnæring, og som også engasjerte seg i Bergen Museum som seinare vart Universitetet i Bergen.
Fleire av familiane er framleis gjestar på Solstrand.
De Bergenske kjøpmenn skulle ved det storslagne landskapet ved Bjørnafjorden ha ein stad å henta «kraft til sin store gjerning i Bergen by».
Av hotella som etablerte seg denne tida, er det Solstrand som har bestått og utvikla seg.

Framleis er hotellet ein stad for rekreasjon, og i tillegg kan det i dag gje ei spennande blanding av leiarkurs (Solstrandkursa), møte, turisme og private gjestar ut frå ein standard i miljømessige og fysiske omgjevnader som er etterspurd i dag.
Vertskapsrolla er i høgsetet, og når det gjeld gjestene legg ein vinn på å få ei blanding av verksemder og private, noko som verkar inn på stemninga på hotellet.
Målet for Solstrand Hotel og Bad i dag er å vera ein god stad for menneske å møtast, - i arbeid og i fritid.
Christian Michelsen sin tanke om styrking av mental og fysisk helse i det vakre fjordlandskapet er framleis grunnlaget for drifta av hotellet i dag.
Ingebjørg E. Astrup
Fortidsminneforeininga Bjørnafjorden lokallag