Oselvarverkstaden fekk Olavsrosa av Norsk Kulturarv laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Ein svært sterk Olavsrosa-kandidat

Berre éi bedrift i Os og 12 i Hordaland har Olavsrosa frå før. Laurdag fekk Oselvarverkstaden tildelt det gjeve kvalitetsmerket.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det blei servert østers frå Bømlo og levande eventyrforteljing av Helge Jordal då Solstrand Hotel & Bad (som nyleg har fått ny kai) i 2009 blei tildelt Olavsrosa som første verksemd i Os.

Olavsrosa er eit kvalitetsmerke som er tildelt av stiftinga Norsk Kulturarv til verksemder som tilbyr opplevingar som byggjer på norsk kulturarv.

Kvalitetsmerket Olavsrosa «blir tildelt opplevingar av særleg høg standard, med omsyn både til kulturhistorie og formidling.

Bevaring og vidareføring

Oselvarverkstaden får Olavsrosa for bevaring, vidareføring og formidling av gamal og høgt utvikla båtbyggartradisjon. Båtbyggartradisjonen sto i midten av 90-talet i fare for å døy ut, Os Båtbyggarlag hadde berre to aktive båtbyggarar, Harald Dalland frå Tysnes og Nils Olav Solberg frå Austevoll.

Oselvarverkstaden har bygd nærmare 90 oselvarar og hatt seks lærlingar, der tre av dei framleis jobbar ved verkstaden.

– Det er mange gode initiativ som ikkje blir noko av, eller som ikkje blir slik det først var tenkt, men dette er noko av det mest vellykka eg har vore med på, seier professor Nils Georg Brekke.

Han er blant fleire gjestar under seremonien i går som var involvert i tidleg fase, via fylket engasjert som leiar for arbeidsgruppa som var organisert under Prosjekt Vestkyst, finansiert av PTV (Privat tenesteytande verksemd).

– Ideen om Oselvarverkstaden byrja å bli forma. Ole Haakon Lunde var ordførar og backa oss opp, Geirmund Dyrdal blei oppnemnt av formannskapet som observatør i arbeidsgruppa, og Dyrdal, som var med på verkstaden i går, var ordførar då Oselvarverkstaden i 1997 blei opna.

Ingebjørg Astrup var kultursjef i Os kommune, og seinare Hordaland fylkeskommune, og fekk saman med dagens ordførar og kultursjef, Lisbeth Axelsen og Terje Søviknes, òg med seg tildelinga.

Konstituert fylkesdirektør kultur og idrett, Per Morten Ekerhovd, og næringssjef i Hordaland fylkeskommune, Mette Nora Sæthre, var òg blant dei som heldt tale.

– Vel fortent!

Styreleiar Norvald Skåtøy ønskte velkomen og presenterte båtbyggarane, lærling Anne Marin, nestor Leif Harald Amundsen, Maik Riebort, Stig Henneman og påtroppande dagleg leiar Berit Osmundsen.

Åsmund Lien, som har leia verkstaden frå start, blir pensjonist 1. juli.

– Han snakka med sånn entusiasme og fagleg tyngde at det faktisk gjekk lang tid før eg forsto at han ikkje var båtbyggar sjølv, sa Øyvind Myhr, som heldt tale etter tildelinga.

Før tildelinga blei Åsmund takka av ordføraren for innsatsen, både ved verkstaden og som tilset ved kultureininga i Os kommune i mange år.

Lien sjølv var rask med å vinka opp båtbyggarane då styremedlem Randi Bårdtvedt ved Norsk Kulturarv skulle dela ut Olavsrosa.

– Eg let dette bli stafettpinnen, sa Åsmund, og gav diplomen til Berit.

Han var til liks med Bårdtvedt einig i at Oselvarverkstaden var ein god kandidat.

– Vi har søkt om Olavsrosa og vi fortener ho.

Meir formidling

Oselvarverkstaden er, som andre utanfor Canada og første i Noreg, del av nettverket Économusée. I dag er det 11 i Noreg og fleire av desse har søkt om Olavsrosa.

Merket kan brukast til profiliering og marknadsføring av verksemder som har fått det tildelt, men det kan også trekkjast attende dersom kriteria ikkje lenger er møtte.

– Eg har overnatta på Solstrand natt til i dag og det er litt av ei vandring det er duka for her langs sjøen i Os, frå Solstrand til Det historiske tune på Lyngheim, til Oselvarverkstaden, Vognhallen og Oseana.

– Eg ønskjer å koma med ei lita oppmoding til Os kommune, om dei vil sjå etter moglegheiter for å gjera endå meir ut av dette med formidling. Kanskje det kunne vore grunnlag for å ha ope nokre ettermiddagar og laurdagar, at Oselvarverkstaden blei endå meir tilgjengeleg for besøkjande, sa Randi Bårdtvedt.

Seremonien heldt fram med kulturelt innslag, eit stykke spelt på trompet av unge og talentfulle Vibeke Nordtvedt, før omvising og lett servering.

Oselvarverkstaden blei i fjor nominert hos Unesco og ventar svar på denne i november i år.

Fleire saker