Kultur | 20. juni 2015

Sørås blir fagsjef i Os

Os kommune har tilsett tidlegare rektor på Kuventræ og kommunalsjef i Austevoll, Per Olav Sørås, i nyoppretta leiarstilling på rådhuset.

Sørås blir fagsjef i Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. juni 2015 07:33

Fredag for to veker sidan fortale kommunalsjef for oppvekst og kultur i Os kommune, Line Rye, om sju søkjarar til den nyoppretta stillinga, fagsjef for skule og barnehage.

I går takka ein av søkjarane, osingen Per Olav Sørås, ja til jobben.

– Vi hadde fleire gode kandidatar, men Sørås skilte seg ut både med si breidde i erfaring og med den kompetansen han sit på, seier Rye til Midtsiden fredag ettermiddag.

Den tidlegare Kuventræ-rektoren gjennom 12 år er del av eit rettleiarkorps med betre læringsresultat på agendaen når dei hjelper rektorar rundt i Noreg til betre resultat hos elevane.

– Det var brei semje blant oss i rekrutteringsprosessen om vi er glade for å få Sørås inn som leiar for skulane og dei kommunale barnehagane i Os.

– To fine år i Austevoll

Sørås starta som kommunalsjef i Austevoll kommune i januar 2013.

– Eg har fått to og eit halvt fine og lærerike år i Austevoll, seier Per Olav.

Han var kommunalsjef for både helse og oppvekst, og har blant anna vore med på ein større prosess med samanslåing av to skular i nabokommunen over fjorden.

– Eg har hatt éin dag i veka med heimekontor, likevel synest eg det blei mykje pendling. Tre timar med reise er mykje og eg sa meg opp i april.

– Det var fleire stillingar som kunne vore aktuelle, og eit par stillingar eg blei oppmoda om å søkja på, så eg følte meg likevel trygg på at eg ville finna meg ein ny jobb nærmare Os.

Ser fram til å bli fagsjef

No går han frå eit breiare ansvarsområde til eit smalare, men meir spesialisert innan faget han har mest erfaring og kunnskap om.

– Eg ser fram til både å driva meir med det som er faget mitt, og å jobba saman med Line Rye. Vi har jobba saman før og eg kjenner ho som ein veldig flink leiar. Os har også mange flinke og engasjerte rektorar som eg ser fram til å jobba saman med igjen, seier Sørås.

Han byrjar i den nye jobben 10. august. Blant oppgåvene er nettopp det han har drive med i rettleiarkorpset, betre læringsresultat, og det å gjera overgangen frå barnehage til skule best mogleg.

– Eg er veldig opptatt av dette med godt læringsmiljø. Elevar skal ha det trygt og godt, det gjev grunnlag for betre læring.

Les òg: Korleis driva god skule

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.