Spektakulær skåring i skulecupen

Nore Neset sitt gutelag briljerte mot Os. Lokaloppgjeret mellom jentene enda med straffekonk.

Adrian Røttingen kryssa høgrefoten bak venstrefoten og fyrte ein rabona rett i mål. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. okt. 2019 11:22

Bildeserie:

Skulecupen 2019, Nore Neset-Os. (Foto: Ørjan Håland)

1 av 21

Årets skulecup er i gang, og for dei to ungdomsskulane i Os startar det med lokaloppgjer.

– Hos oss er det elevrådet som styrer alt frå påmelding til kriterier for laguttak, seier Hilde Drange Veglo, ein av inspektørane ved Nore Neset ungdomsskule.

Elevrådet har bestemt at 10. klasse skal prioriterast, men at det skal vera minst éin frå kvart klassetrinn på laget. Blant dei som søkjer opptak blir aktive fotballspelarar prioritert.

Jubla for rabona-skåring

Jentene frå Nore Neset og Os spelte mot kvarandre rett før lunsj. Gutekampen var på morgonen.

Nore Neset leia 4-0 til pause og vann 5-1.

Eitt av måla til heimelaget kom på straffespark, men den mest spektakulære skåringa var det Adrian Røttingen som sto for.

Han henta ballen ut av ein duell med ei solevending, såg ut til å legga opp til skot med venstrefot, men fyrte av eit rabona-skot som gjekk rett i mål.

– Han gjer dette ofte på trening, men å våga å gjera det i kamp, og å lykkast, er noko for seg sjølv, seier lærar og del av lagleiinga, Kjersti Tysse Plätzer.

• Visste du at første gong ein rabona blei filma, var det ingen ringare enn Pelé som skaut?

Leia av «dårlege» foreldre

Kjersti er sjølv ein av trenarane til Os gutar 15, men underviser på Nore Neset og leia skulelaget mot sine eigne gutar. Del av Os-laget var dessutan sonen hennar, 9. klassingen Sebastian Plätzer, som skåra Os sitt einaste mål.

– Eg var ikkje den einaste som gjekk imot mine eigne i går, seier Kjersti og ler.

Lærar Trond Berge leia Os, mens sonen hans, Noah, spelte for Nore Neset.

Elisabeth Djuvik Hanstvedt var med og leia Nore Neset sitt jentelag, mens dottera hennar, Vårin, spelte for Os.

Snudde kampen og vann på straffe

I lokaloppgjeret mellom jentene var det òg Nore Neset som tok leiinga, men 2-1 blei til 2-2 og cupkampen måtte avgjerast i straffespark-konkurranse.

Her blei det ikkje mange skåringar, men Os vann til slutt 4-3 (2-1 i straffar).

– I fjor var det motsett, Os vann med gutelaget, Nore Neset med jentelaget, fortel Hilde.

Det er uvisst kor tid neste kamp går, og kven som blir motstandar.

Har vunne skulecupen fleire gongar

Nore Neset ungdomsskule sitt jentelag vann skulecupen (14-0 i finalen) både førre skuleår og året før.

Os ungdomsskule vann skulecupen med gutelaget i 2012, med blant andre Sander Kvittingen og Øystein Takle Eide i troppen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.