Kultur | 13. aug. 2020

Spontan-booking: Abel kjem til Os i august

Morten Abel og Thomas Gallatin speler intimkonsert i Oseana.

Spontan-booking: Abel kjem til Os i august
Morten Abel, her under Osfest 2018, speler i Oseana siste fredagen i august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. aug. 2020 16:39

Morten Abel turnerer i Noreg denne sommaren. Saman med trommeslagar og multi-instrumentalist Thomas Gallatin byr han på DUO, med låtar frå heile den over 40 år lange karriera til Abel.

Duoen har blant anna spelt på Mandelhuset på Tysnes. Den siste fredagen i august kjem dei til Oseana.

– Vi har prøvd å få tak i Abel fleire gongar, men det har dessverre aldri klaffa, seier arrangementsjef Berit Steen.

– Denne gong var det dei som kom til oss, og med eit tilbod vi ikkje kunne seia nei til.

Grunna smittevernrestriksjonar kan Oseana verken selja 500 og full sal, eller rydda vekk amfiet for å gå for endå fleire gjestar på flatt golv.

– Vi har berre 200 billettar for sal, så du kan nok kalla det ein intimkonsert.

– Eit stort namn og to veker å selja på - tar kulturhuset litt risiko med denne spontanbookinga?

– Nei. Abel har eit stor publikum, og osingane er raske på labben når det kjem noko dei liker.

Billettane blei lagt ut i går, og salet er godt i gang.

Sist Morten Abel spelte i Os er to år sidan, laurdagen under Osfest 2018.

Thomas Gallatin spelte med Abel sist han var i Os, då på trommer. (Foto: KVB)
Thomas Gallatin spelte med Abel sist han var i Os, då på trommer. (Foto: KVB)

Det blei ein lang suksesskveld for festivalen, noko Abel i høgste grad var med og bidrog til.

Morten Abel har selt over 600.000 album og mottatt heile fem Spellemannprisar - frå Mods til The September When via Peltz, og som soloartist.

Då han med Mods gjorde comeback i 2012, selte dei så mange billettarat musikkmeldar Einar «Engelen» Engelstad i BT tapte veddemål og måtte gå frå Bergen til Stavanger.

Saman med Thomas Gallatin frå Kvinesdal, som spelte trommer sist Abel var i Os, tar han for seg låtar frå heile karriera - og gir nokre av dei ei ny drakt.

Avlyst: Pernille Sørensen

Førstkomande laurdag skulle Pernille Sørensen ha halde standup for ein fullsett Oseanasal.

Showet var utsett frå koronapausen i vår.

– At denne er avlyst, har ikkje noko med bookinga av Abel å gjera. Men det stemmer at Pernille dessverre ikkje kjem til oss i denne omgang, seier Berit.

– Produksjonen er såpass kostbar, at dei treng meir enn dagens kapasitet på 200 plassar for å få det til å gå rundt. Det let seg ifølgje deira turnéplan heller ikkje gjera å dela showet opp, og vi hadde selt nærmare 500 billettar, så det ville i så fall blitt vanskeleg å seia kven 100 som ikkje skulle få koma.

Utover hausten og vinteren står blant andre desse på programmet:

Christine Hope, Tommy Steine, Halvdan Sivertsen, Vinskvetten, Ephemera, Vidar Johnsen, Eva Weel Skram og Hellbillies.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.