Lokal | 29. nov. 2019

Spørsmål og debatt om budsjettframlegga

Å snu minus til pluss blei saman med Oseana tema i dagens møte i formannskapet.

Spørsmål og debatt om budsjettframlegga
Bjørnafjorden formannskap fekk i dag presentert tre budsjettframlegg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. nov. 2019 16:06

I møte i Bjørnafjorden formannskap i dag presenterte Høgre, Frp og samarbeidspartia sine budsjettforslag for 2020 og økonomiplan for 2020-2023. Det er venta at SV kjem med eige forslag innan 3. desember.

Felles for alle er at dei, der det ikkje er nemnt noko anna, støttar rådmannen sitt framleg til budsjett for 2020 og økonomiplan fram til 2023.

• Sjå saksdokument og direktesendt video frå møtet på bjornafjordenkommune.no.

Trass komande vanskelege tider økonomisk, hadde alle med seg litt krydder.

Høgre vil ha klasseturar for alle tiandeklassingane, Frp slår eit slag for E-sport og samarbeidspartia vil starta «makerspace» (moderne form for sløydverkstad) og laga lysløype frå Nordmarka til Tøsdal.

Meir liv, men ikkje berre på Øyro

I investeringsbudsjetta vil Frp og Høgre venta med næringsområdet Tollaneset, til det er betre utgreidd, og droppa kjøp av samfunnshuset i Eikelandsosen.

– Det er like greit, prosjektet er for dårleg utgreidd, det er uavklarte ansvarforhold mellom kommune og næringsliv og områdeplan er ikkje ferdig, seier Mikal Leigland (Sp) til Midtsiden i ein pause i dagens møte.

Frp ønskjer å investera 5 millionar i vidare Liv på Øyro-prosjekt, og å etablera Liv i Fjorden. Samarbeidspartia vil legga ned Liv på Øyro og bruka 6 millionar på «Liv i Bjørnafjorden» - for å gi merksemd og konkrete løft til alle bygdesentra i ny storkommune.

Mikrohus i støysone

Både Høgre og Frp ber kommunedirektøren snarast starta byggjing av 1-2 mikrohus på kommunal tomt på Moberg i tråd med tidlegare vedtak frå Os kommune. Grunngjevinga er det prekære behovet for å skaffa bustader for innbyggjarar med spesielle behov.

Kommunedirektør Christian F. Fotland fortalte at tomta ligg i rød støysone, og at det derfor er noko krevjande.

Konkret forslag til reduksjon i driftskostnadane

Blant anna grunna redusert overføring frå Staten, vil Bjørnafjorden kommune få krevjande økonomi dei komande åra.

Kommunedirektøren har lansert «Bjørnafjorden 22» som tittel på arbeidet med å få kommunen i pluss til 2022.

Høgre foreslår blant anna å «jobba systematisk for å redusera sjukefråvær gjennom haldningsskapande arbeid og gjennom stimulerande tiltak. Ein må disponera alle ressursar, og leggja til rette for at ein kan yta sjølv om ein i ein periode ikkje har høve til å gjennomføra ordinære arbeidsoppgåver. Her spelar leiarar ei sentral rolle, og ber kommunedirektøren å framleis driva leiarutviklingsarbeid».

Frp sitt forslag er, inkludert rådmannen sitt budsjett, mest konkret på korleis kommunen skal koma i balanse: «Som tenesteprodusent er kommunen også ei arbeidsintensiv verksemd. Å betra driftsbalansen med +/- 90 millionar kroner vil difor ikkje kunne skje utan reduksjon i samla årsverk i organisasjonen» skriv Frp.

– Dette tilsvarar knappe 5 prosent i året av dagens 1200-1300 årsverk, og bør vera overkommeleg med naturleg avgang og omplassering. I 2001-2002 klarte vi å redusera med 50 årsverk utan at nokon blei sagt opp. Det tilsvarar rundt 7 prosent.

Redusert overføring til Oseana

Samarbeidspartia vil ta Fjellheim av marknaden og be Oseana sjå vidare på mogleg opprusting og drift av bygget. Samtidig vil dei redusera overføringane til Oseana KF med 175.000 kroner.

«I budsjettet til Oseana ligg det inne 3% vekst i kommunale overføringar. I eit spesielt ufordrande år som 2020 er det diverre ikkje rom til dette. Difor vert kommunale overføringar til Oseana redusert med 175.000. Oseana må finna meir inntekter via kommersiell aktivitet eller sponsorar» står det i framlegget.

Det fekk både Søviknes, Aspenes og Bruarøy til å reagera.

– Eg undrast over at Oseana er einaste er einaste del av kommunen som ikkje skal få justert overføring etter løn- og prisvekst, samtidig som dei får nye oppgåver med Fjellheim, sa Søviknes.

Leigland svarte på vegne av samarbeidspartia.

– Sjølv trudde eg at Oseana gjekk i balanse, med eit lite overskot, men då eg såg nærmare i papira oppdaga eg at dei får tilført 6,7 millionar kroner i året. Kommunen får ikkje 3 % ekstra i overføringar frå Staten kvart år.

– Vi har hatt fokus på dei som har det mest vanskeleg i vårt budsjett, la Leigland til.

Søviknes forklarte at overføringane blant anna gjeld leige til kulturskulen og sponsing av rabatt til lokalt kulturliv som leiger Oseanasalen, og sa han ville ha seg fråbeden at nokon insinuerer at ikkje også Frp sitt budsjett har fokus på dei som har minst.

– Det var ikkje sånn meint, eg ville berre fortelja korleis vi prioriterer, svara varaordføraren.

– Men om desse 175.000 kronene har så stor symbolsk verdi at dette skal bli hovudoppslaget, då har vi verkeleg ei stor utfordring med tanke på den økonomiske situasjonen vi er på veg inn i, la han til.

– Vel, samarbeidspartia har ikkje nemt løysing på dei store utfordringane med meir enn éin setning, at de støttar kommunesjefen sitt prosjekt Bjørnafjorden 22, som vi førebels veit lite om, svarte Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.