Fotball | 14. des. 2019

Stabil stall på Os sitt A-lag

Endre Brenne vil styrka laget med 2-3 spelarar.

Stabil stall på Os sitt A-lag
Os ser ut til å halda på så og seia alle, både unge osingar og erfarne spelarar frå andre sida av fjorden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 14. des. 2019 17:13

Etter ein sesong med svak heimestatistikk landa Os på 11. plass i år, 7 poeng over Vestfossen, som rykte ned. Borte blei det 6 sigrar, heime blei det 3, med 2 uavgjorte både på Kuventræ og på andre banar.

– Målsetnaden for 2020 vil eg koma tilbake til, men lista ligg langt høgare enn 11. plass, seier hovudtrenar Endre Brenne.

– Gutane virker svært motiverte for å ta nye steg saman, og trener knallhardt for tida! Neste sesong skal vi underhalda, pressa hardt og vinna endå fleire kampar!

Toppskårar og keeper held fram

Brenne seier at Os ligg an til å halda på så og seia alle spelarane frå årets sesong. Kaptein Marius Mikkelsen, midtbanekollegaene Rafael Villén og assistenttrenar Rune Mo er blant desse.

– Alexander Dale er dessverre usikker, men han flyttar frå Landås til Lagunen, altså nærmare Os, og vi håper å få han med også gjennom 2020.

Back og ving Espen Haraldseid og Andreas Støle-Hansen, som kom frå Haugesund i sommar, er ønska med vidare, og har signalisert at dei vil halda fram i Os. Toppskårar Roger Blokhus Ekeland (15 mål) er òg med, og signaliserte på prisutdeling under fotballgallaen førre helg, at det blir fleire mål neste sesong.

– Vi er òg einige med Chris Sunde Midtun, men har foreløpig ikkje signert, fortel Brenne om keeperen som spelte 24 kampar for A-laget og 2 for B-laget i sin første heile sesong i Os.

– Har andre klubbar vist interesse for nokre frå stallen din?

– Ja, blant anna Vegard Strønen Skeie og Roger. Begge har takka nei.

To aktuelle på prøvespel

Etter sesongslutt har Os hatt to spelarar på prøve; Andreas Kytiri frå Lysekloster, som har vore i Kongsvinger sidan han i 2017 kom heim frå Italia, og Thomas Spilde frå Sund, som spelte for Fana i 2017 og 2018.

– Begge har gjort god figur og er ønska med vidare.

Os 2-spelarar som no trener fast med A-laget, og viser lovande takter, er Elias Heggland Myrlid og Tobias Blindheim Nøss. Nøss spelte for Fana sitt juniorlag i 2018, og debuterte for A-laget til Os borte mot Lysekloster i oktober.

Elias blei toppskårar for Os 2 med 12 mål i 4. divisjon i årets sesong. Også Knut Jordal trener med A-laget, men er no ute med skade.

Andre, etablerte unge spelarar frå eigen stall, ligg òg an til å bli verande.

– Vi har foreløpig få som har meldt om flytting grunna skule eller militærteneste.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.