Vêret i Os | 02. jan. 2023

Startar året med tre tørre dagar

Melder opphaldsvêr til og med tysdag, så kjem sludd og snø.

Startar året med tre tørre dagar
Os hamn i dag, måndag 2. januar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. jan. 2023 08:39

Dei første dagane i 2023 held fram som den siste kvelden, stille og kald.

Frå i går, 1. januar, til og med 3. januar er det meldt 2 minus til 2 pluss, opphaldsvêr og svak vind.

Frå onsdag er det venta nedbør, som regn eller sludd i 3 varmegradar onsdag, som sludd eller snø i 0 til 2 pluss på torsdag.

Til helga skal det bli litt kaldare, rett under frysepunktet.

Yr melder også nedbør fredag, men Storm melder opphaldsvêr. Begge melder nedbør laurdag kveld, natt til søndag og søndag formiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.