Lokal | 28. okt. 2011

Startar i Vikjo i februar

Eit lite stykke ut på nyåret startar utbetringa av Mobergsvikjo. Korleis vil Stor-Bergen bruka pengane?

Startar i Vikjo i februar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. okt. 2011 06:53

I mai kom Anne Gine Hestetun og Espen Børhaug frå Stor-Bergen Boligbyggelag til Oseana for å gje pengegåve til Os. Tre millionar kroner, halvparten av dei øyremerkt til utbetring av friluftsområdet Mobergsvikjo.

Les òg: Vikjo blir vakker

Pengane blir gjeven frå Stor-Bergen, Os Sjøfront-partnar Profier, og Stor-Bergen sin samarbeidspartnar på Bjånes, LieGruppen.

Midtsiden blei den gong lovd skisser av nye-Vikjo «om ikkje så lenge», men Stor-Bergen har førebels ikkje skisser dei vil ut med.

Kven skal bygga?

Stor-Bergen har tett dialog med Bergen og omland Friluftsråd og har sett ned ei eigen arbeidsgruppe.

– Nett no held vi på å kvalitetssikra eigne kalkyler. Når det er gjort har vi nokre formelle avklaringer å ta oss av, seier Espen Børhaug.

Sjølv om Stor-Bergen bygger på Mobergsneset er det ikkje dei som tar på seg i bygga i Vikjo.

– Vi er med i planlegginga, men kjem eigentleg berre med ei pengegåve. Om det er kommunen, friluftsrådet eller andre som inntar byggherrerolla er førebels uvisst.

Mur, promenade og hc-rampe

Espen Børhaug fortel at hovudinvesteringa går til skiljet mellom stranda og plenen i Vikjo.

– Vi vil betra tilkomsten med ein rundt to meter brei grusveg langs kanten på plenen. Mellom stranda og vegen vil vi bygga ein mur og frå denne promenaden ser vi for oss trapper ned til fjøra og fleire rampar for rørslehemma, seier han.

1,5 millionar kroner er mykje når du får det i gåve, men kanskje ikkje så mykje når du byrjar å bruka dei på gravemaskin og lastebil.

– Vi må passa på at vi kjem i mål innanfor den ramma vi har, pengane går fort når du byrjar med denne type anleggsarbeid.

Gapahuk, gangveg og flytebrygge?

Mobergsvikjo har i periodar vore ein svært populær badeplass, både før og etter at Vikjo fekk status som friluftsområde.

– Det eg synes er ekstra stilig med Vikjo er at det er ei fjøre som blir brukt året rundt. Ivrige isbadarar er i sving her med fast frekvens.

Børhaug skal ha fått høyra at desse isbadarane saknar eit tak så dei kan halda seg og kleda tørre før og etter bading. Er dette noko som kan hamna inn i oppgraderinga?

– Ja, kanskje. Vi har heilt frå starten av snakka om å laga ein grillplass. Kanskje hamnar denne i naust-ruinane i Vikjo, med eit lite tak eller ein gapahuk i eine enden.

– Kva med ei flytebrygge folk kan symja ut til? Eller ein gangveg nede ved sjøen, så folk slepp å gå gjennom uterestauranten til Færingen når dei skal frå fjøra til stupebrettet eller motsett.

Les òg: Korleis bør Vikjo bli

– Veg mellom Vikjo og stupebrettet ligg utanfor området vi no oppgraderer, og truleg er dette eit terreng kommunen og Oseana må sjå nærmare på før andre kan ta til seg noko der.

– Men om det blir litt pengar til overs så kan nok ei flytebrygge bli aktuell, trur Espen Børhaug.

Arbeidet skal starta i slutten av februar og vera ferdig til St Hans.

Sjå bilde frå den flotte og folksame St Hans-feiringa i Vikjo i år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.