Simen August Næss skåra 30 mål for Lysekloster i år. I 2020 opnar Lysekloster serien heime mot nyopprykka Sandviken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Simen August Næss skåra 30 mål for Lysekloster i år. I 2020 opnar Lysekloster serien heime mot nyopprykka Sandviken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Startar sesongen med heimekamp

Lysekloster startar på heimebane, Os reiser til Vestre Aker.

Kjetil Vasby Bruarøy
20. desember 2019 - 16:07

Tidlegare i desember blei avdelingane og odds for Norsk Tipping-ligaen publisert. Lysekloster og Os speler i avdeling 4 i 2020. 

I dag kom terminlista.

Lysekloster startar serien med heimekamp mot nyopprykka Sandviken, Os startar borte mot fotballaget til Noregs største bandyklubb, Ready i bydelen Vestre Aker i Oslo. Ready landa på 7. plass i avdeling 2 i årets sesong.

Første runde blir spelt 13. april, måndag 2. påskedag:
Brann 2 - Årdal
Fana - Fyllingsdalen
Fjøra - Lyn 
Frigg - Bjarg
Lysekloster - Sandviken
Ready - Os
Stord - Sogndal 2

I runde to speler Os heime mot Stord, Lysekloster har bortekamp mot Lyn.

Datoane for derby neste år er òg klare:
Lysekloster - Os: Laurdag 27. juni. 
Os - Lysekloster: Laurdag 26. september.

Os avsluttar 2020-sesongen med heimekamp mot Fana, Lysekloster speler borte mot Sandviken i 26. og siste runde. 

Elite, topp og OBOS

Også terminlistene for dei øvste divisjonane blei publiserte i dag.

• Eliteserien: Brann startar borte mot Rosenborg første helga i april

• OBOS: Åsane startar borte i derby mot nyoppretta Øygard første helga i april

• Toppserien: Arna-Bjørnar startar heime mot Røa, Sandviken borte mot LSK nest siste helga i mars.

Les meir om

Fotball Lysekloster