Lokal | 01. okt. 2018

Staten held fram med å ta rekninga

Finansiering av eldreomsorga: Os får tilbod om å utvida med 3 år, Fusa får tilbod om å vera med.

Staten held fram med å ta rekninga
Luranetunet. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. okt. 2018 06:45

Berre 18 kommunar søkte om å ta del i forsøksprosjektet, og heile 12 trekte seg. Os kommune var ein av dei seks som sto igjen for å prøva ut hjartebarnet til Fremskrittspartiet, som starta 1. mai 2016.

Her i bygda har det fungert godt.

Torsdag besøkte eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) Luranetunet med gladmelding til Os.

– Vi får tilbod om å forlenga SiO-prosjektet med tre nye år. Fusa kan få kopla seg på frå sommaren 2019, seier ordførar Terje Søviknes (Frp) til Midtsiden.

NRK følgde eldre- og folkehelseministeren til Os.

– Når vi ser kva tilbakemeldingar vi får frå kommunane som deltar, så ser vi at dette er vegen å gå, seier Michaelsen til NRK.

Os går i pluss - Staten doblar innsatsen

Alle kommunar som skal slå seg saman med ein SiO-kommune får tilbod om å slutta seg til prosjektet. I tillegg blir prosjektet utvida med seks nye kommunar.

– Med dette er vi sikra at alle tenester innan omsorgssektoren blir finansiert av staten. Sidan vi produserer tenestene til lågare pris enn støtta vi får, blir det eit solid overskot, fortel Søviknes.

• Les òg: Os tener 75-90 millionar på SiO (februar 2018)

Møter framleis motstand

Ideen mes statleg finansiering av omsorgstenestene er at forskjellar mellom kommunane skal jamnast ut. Tenestene i Os har vore under press, då fleire eldre har flytta til Os for å vera nær gode tenester når dei blir pleietrengande.

Det er, inkludert statsminister Erna Solberg (H), få som har hatt tru på Frp sitt forslag om statleg finansiering av omsorgstenestene.

NRK ramsar opp motstanden på denne måten:
• Kommunane sin eigen organisasjon, KS, kalte det eit blindspor.
• Arbeiderpartiet kalte forsøket eit politisk mageplask.
• Aftenposten slakta ordninga på leiarplass.
• Frp-veteran Carl I. Hagen kalte prosjektet «håplaust».

Ingvild Kjerkol, helsepolitisk talskvinne i Arbeiderpartiet, er ifølgje NRK framleis ikkje overbevist om at gode tilbakemeldingar betyr at ordninga faktisk er god.

Ho meiner den gode responsen først og fremst kjem av at forsøkskommunane fekk ekstra pengar, og at desse kunne blitt brukt smartare.

• Les òg: Liv skapte full kontroll i Os kommune (juni 2017)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.