Lokal | 01. feb. 2019

Steinneset: Ny medeigar og ny fart i prosjektet

I 2017 blei det moglegstudie. No skal Bjørnefjorden Utvikling AS og Os kommune i ny dialog.

Steinneset: Ny medeigar og ny fart i prosjektet
2017: Dei skulle berre fornya «legehuset» med 8 nye leilegheiter, men blei av Os kommune invitert til å teikna noko større. (Bjørnefjorden Utvikling AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. feb. 2019 10:20

Bildeserie:

– Ned i volum, så er dette det beste, meiner planavdelinga etter moglegstudiet. (Eriksen Skaiaa Arkitekter)
– Ned i volum, så er dette det beste, meiner planavdelinga etter moglegstudiet. (Eriksen Skaiaa Arkitekter)
Selskapet eig det raude huset, kommunen eig fire mål langs vegen. (Arkivfoto: KVB)
Selskapet eig det raude huset, kommunen eig fire mål langs vegen. (Arkivfoto: KVB)
Marie L. Bruarøy og Terje Søviknes på møtet tysdag. (Foto: KVB)
Marie L. Bruarøy og Terje Søviknes på møtet tysdag. (Foto: KVB)
Nils-Anders Nøttseter. (Foto: KVB)
Nils-Anders Nøttseter. (Foto: KVB)
1 av 4
– Ned i volum, så er dette det beste, meiner planavdelinga etter moglegstudiet. (Eriksen Skaiaa Arkitekter)
Selskapet eig det raude huset, kommunen eig fire mål langs vegen. (Arkivfoto: KVB)
Marie L. Bruarøy og Terje Søviknes på møtet tysdag. (Foto: KVB)
Nils-Anders Nøttseter. (Foto: KVB)

Bjørnefjorden Utvikling AS, som sidan 2015 har jobba med eit bustadprosjekt på Steinneset, har fått ny medeigar.

Tellefsen-familien har med Krohnås Prosjekt AS, selskapet som blant anna eig Irisgården og er hovudaksjonær i Solstrandveien AS, har kome inn.

– Eg har hatt nokre møte med firmaet etter moglegstudiet i 2017. Dei ønskjer å diskutera vidare med oss, og tida er vel moden for å ta dette opp igjen, sa Terje Søviknes i møte i arbeidsgruppa Liv på Øyro tysdag.

Litt historikk

Bjørnefjorden Utvikling AS, som blei stifta i 2012, driv med eigedomsutvikling i Os. Selskapet blei etablert av to kameratar, Helge Engevik og Guttorm Gjerde, med ektefeller.

I 2015 inngjekk dei ein utbyggingsavtale på tomta til «legehuset» på Steinneset, eit eldre bygg med leilegheiter og kontor, med plan om å bygga 8 nye leilegheiter.

Eit møte med Os kommune ved Terje Søviknes og Tor Inge Døsen førte til tilbod om å kjøpa Os kommune si nabotomt. Dette for å auka volumet på prosjektet, i tråd med fylkesmannen sine retningslinjer om å bygga tett når du er nær sentrum.

Selskapet fekk, saman med ein nabo, teikna eit litt større prosjekt, delvis inn på Os kommune si 4 mål store tomt.

Men dialogen med Os kommune var ikkje forankra nokon stad før Søviknes segla vekk som statsråd, og Os kommune tok eit steg tilbake og bestilte moglegstudie.

Arkitektar skulle visa korleis Steinneset kunne sjå ut etter tre ulike gradar av utbygging. Resultatet ser du her.

• Les òg: Utbyggar undrar seg (november 2017, etter at moglegstudien var over)

Diskuterte ny dialog

Henning Wenaas Ribei planavdelinga i Os kommune var innom Steinneset då han i møtet presenterte status i arbeidet med sentrumsplanen.

– Moglegstudien kom med tre ulike tilnærmingar. Vår oppfatning er at «fjordby» er den som er mest verdt å sjå nærmare på om dette kjem opp igjen.

– Men ikkje så tett som i det mest volumiøse forslaget, vi må tenkja på dei som ønskjer å bli buande i dei husa dei har i dag.

Etter at Søviknes fortalte om nye møte med Bjørnefjorden Utvikling AS, fekk andre seia sitt. Partifelle Gustav Bahus var eining.

– Når nokon ønskjer å skapa noko i dette området bør vi gå i dialog. Det er frå før regulert for 30 bueiningar, det seier litt om høgda. Eg reknar med det blir høgda i prosjektet som vil bli disuksjonstema.

Harald Døsen (Ap) var opptatt av både å sikra nok friareal i området og å ta omsyn til eksisterande naboar.

Så tok varaordførar Marie Lunde Bruarøy (H) eit tilbakeblikk.

– I førre runde blei dei forleda til å tru at dei fekk tilgang på vår tomt, det blei nesten pinleg. Kommunestyret sa blankt nei, så kom moglegstudien. Vi treng ikkje utvikla heile Os på éin gong, men Bjørnefjorden Utvikling bør få koma vidare med sitt prosjekt, og vi skal køyra ein open prosess frå no til slutt, sa Bruarøy.

Om, eller i kva grad, det no kan koma ein ny avtale om tilgang til Os kommune si tomt, er uvisst.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) kommenterte at han likte resultatet av moglegstudien.

– Det eg synest var mest spennande var at dei klarte å ta vare på gode kvalitetar for alle. Når vi no skal vidare er eg opptatt av at vi held fram på dette sporet, at ikkje det blir om å gjera å klessa saman noko tett og raskt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.