Steinsprang i Kuvågen - trafikale problem på Drange
– Bilar kunne passera.


Tysdag i 17.30-tida fekk politiet melding om fleire parkerte bilar i Drangsvegen, og at desse skapte trafikale problem.
– Det er trangt på staden og det skal lite til for at det blir vanskeleg å passera, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.
Ein patrulje var på staden og fekk stadfesta at det var mange parkerte bilar i området.
– Dei vurderte framkommelegheita som god nok denne gong. Årsaka til alle bilane var kanskje at mange ville på tur i finvêret.
Onsdag i 06.30-tida fekk politiet melding om eit steinsprang i Kuvågen.
– Eit par store steinar hadde rulla ut i vegen, men det var passasje.
– Vegtrafikksentralen og Bjørnafjorden kommune blei varsla.
I går var det òg eit MC-uhell i Kolskogheiane. Ein lett MC velta og glei inn i ein bil, mens MC-førar segla vidare i eige køyrefelt. Han framsto som uskadd, men har vore til legevakt på sjekk. Politiet har oppretta sak.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker
Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Moglegheit for fleire brukarar
Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.