Lokal | 01. mars 2021

To steinsprang og eitt tjuveri frå garasje

Politiet sine notat frå helga.

To steinsprang og eitt tjuveri frå garasje
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. mars 2021 08:21

Ved sidan av det tidlegare omtalte steinspranget som stengte Bjånesvegen fredag kveld, fekk politiet tidlegare på dagen,klokka 14.24, melding om steinsprang på Lepsøy.

– Ein stein hadde rast ned mot eller på ein garasje. Ingen personar eller køyretøy er skadd, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Fredag kveld klokka 21.35 kontrollerte plitiet ein lett motorsykkel. Denne hadde nokre manglar, og eigar fekk bruksforbod og pålegg om å framstilla reparert sykkel for kontroll hos vegvesenet innan 12. mars.

Mobilbruk til 5.000 kroner

Laurdag hadde politiet to trafikkontrollar. I sentrum blei det skrive eit forenkla forelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon.

Storleiken på forelegget auka frå 1. januar i år frå 1.700 til 5.000 kroner, og frå 2 til 3 prikkar på førarkortet.

I 12-tida stoppa dei ein bilist med manglar på lys i Lysefjorden. Vedkomande fekk forelegg på 2.500 kroner.

Stal radio frå garasje

Søndag formiddag fekk politiet melding om tjuveri frå garasje.

– Ein DAB-radio er vekke, og huseigar vil melda forholdet.

Tjuveriet skjedde på ei privat adresse litt nord for Os sentrum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.