Samferdsle | 02. sep. 2022

Stenger Borgavegen i fem dagar

Skal grava frå måndag til fredag.

Vegen blir stengt mellom nummer 45 og 50. (Google Maps)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 02. sep. 2022 11:48

Tysdag var kommunale Borgavegen stengt i fem timar, i neste veke blir vegen stengt i fem dagar.

Stenginga er på same stad, mellom husnummer 45 og 50. Årsaka er gravearbeid, varslar kommunen.

Stenginga skjer måndag 5. september frå klokka 08 til fredag 9. september klokka 15.

Omkøyring er via Hegglandsdalsvegen. Det blir skilta ved utkøyring frå Hjellemarka og i vegen frå Finnebrekka.

Vegen er open for syklistar og gåande også i denne perioden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.