Lokal | 26. sep. 2019

Stenger parkeringsplassen i tre dagar

Skal utvida, asfaltera og merka.

Stenger parkeringsplassen i tre dagar
Denne plassen blir stengt frå søndag kveld til og med onsdag 2. oktober. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. sep. 2019 09:32

Behovet for fleire parkeringsplassar i Os sentrum er tydeleg.

No blir det snart ei lita utviding, mens vi ventar på nytt parkeringshus under grusbanen, men først blir kapasiteten redusert nokre dagar.

Grusplassane etter Circle K-stasjonen og den gamle brannstasjonen skal bli retta ut, få asfalt og oppmerkte parkeringsplassar.

Stenger frå søndag kveld

Mens arbeidet pågår blir parkeringsplassen på Circle K-tomta stengt.

Arbeidet startar om kvelden søndag 29. september og varar til og med onsdag 2. oktober, melder Os kommune.

Alternativ i og rundt sentrumskjerna

I mellomtida (og elles) kan du parkera gratis i inntil 8 timar ved Vognhallen, Oseana, langs Byvegen (nedanfor Os barneskule), ved Kløvertun og Landboden.

Du kan òg parkere i inntil 24 timar ved Os næringspark i Holtbrekka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.