Skal vera klar om ein månad
I løpet av hausten kjem det fleire parkeringsplassar i Os sentrum.
Å finna parkeringsplass i Os sentrum kan vera utfordrande.
Tidlegare i dag tok Midtsiden seg ein tur med fotoapparatet for å sjå på situasjonen.
Resultatet synte at det er eit skrikande behov for fleire parkeringsplassar, med både solide feilparkeringar og fulle parkeringsplassar.
Ny aktivitet
Sidan tidleg august 2018 har tomta kor Circle K tidlegare var, fungert som ein mellombels parkeringsplass.
I sommar vart det gamle brannstasjons-bygget attmed Circle K-tomta riven, og planen er at begge områda skal fungera som mellombelse parkeringsplassar til det nye parkeringshuset under grusbanen står klart.
Etter ei lengre tid med lite aktivitet, er det no på ny anleggsmaskiner i drift på tomta kor brannstasjonen stod.
Første del skal vera klar om ein månad
Prosjektleiar i Os kommune, Knut Olav Torsvik, fortel til Midtsiden at både Circle K-tomta og brannstasjon-tomta skal vera ferdige og klare som parkeringsplassar om ikkje lenge.
– Vi reknar med å vera ferdige om rundt ein månads tid. I tillegg skal vi tilretteleggja for parkering på det som var baksida av den gamle brannstasjonen, og desse plassane skal vera klare i løpet av hausten ein gong.
Det er rekna at det på dei to parkeringsplassane vil vera plass til 90 bilar totalt.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.