Lokal | 12. juli 2019

Stengt veg etter leidningsbrot i Kolabakkane

I går tok dei ferie, i natt blei det brot i leidningen som skal skiftast. (Oppdatert)

Stengt veg etter leidningsbrot i Kolabakkane
I mai var gangveg frå Kolabakkane stengt grunna arbeid med skifting av rør (bildet), i dag er bilvegen stengt grunne brot i leidningane som skal skiftast. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. juli 2019 07:09

Kolabakkane blir stengt for inn- og utkøyring frå klokka 9 i dag. Årsaka er vassleidningsbrot, melder Os kommune.

– Fotgjengarar kan passera, seier einingsleiar Agnete Haugland.

Brotet har skjedd oppe i bakken, litt ovanfor det store leidningsbrotet i februar 2016, og fleire bustadar er no utan vatn.

Sidan mai har Os kommune jobba med å skifta dette leidningsnettet, men arbeidet er ikkje ferdig, og det er ein gamal leidning det no er brot i.

Den innleigde entreprenøren gjekk på ferie i går, men det gjorde heldigvis ikkje kommunen sin eigen mannskap, som no må kartlegga og grava.

OPPDATERT: Fredag kveld melder Os kommune at skaden er reparert og alle har fått vatn igjen. Vegen opna klokka 22.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.