Granulat som "forsvinn" frå kunstgrasbanene til dømes ved brøyting skaper eit miljøproblem. Det vil kommunen ta tak i (foto: Andris Hamre)

Stiller kunstgraskrav til idrettslaga

Innan 15. mai skal idrettslaga og kommunen inngå avtale om drift og vedlikehald av kunstgrasbanar, fortalde ordføraren.

Av: Andris Hamre

Nils-Anders Nøttseter (MDG) stilte i kommunestyret tysdag spørsmål om kva som har skjedd etter at kommunestyret i juni 2016 ba administrasjonen utarbeide ei formalisering av dialogen med, og oppfølginga av idrettslag og andre aktørar i kommunen som nyttar kunstgras for å sikra ei bevisstgjering av miljøkonsekvensar og korrekt handsaming av spesialavfall. 

– Det blir forska mykje på plastureining for tida ikkje minst på mikroplast. Vi veit no at bildekk er den største kjelda til mikroplast, og vi veit at kunstgrasbaner har pallplassering som kjelde til mikroplast, med heile 15 prosent. Det må vi ta på alvor.

– I sak 51/16 fatta eit samla kommunestyret eit vedtak om at kommunen skulle ta eit koordinerande ansvar for korrekt.

– Nokre kommunar har prøvd med kork, andre med kunstgras utan granulat. Kulturminister Trine Skei Grande har sagt at ho trur vi må fasa ut gummi i kunstgrasbaner.

– Kva innsats har kommunen lagt ned sidan vedtaket i 2016, undra Nøttseter.

Avtalen nesten ferdig

Ordførar Marie Bruarøy (H) fortalde at kultureininga i desember orienterte tenesteutvalet om at dei er i ferd med å laga avtaler med idrettslaga som mottek tilskot til drift av banene frå kommunen.

– Kultureininga har hatt fleire møter med idrettsrådet, som representerer alle idrettslaga, og diskutert avtalen. Den skal no til ein juridisk gjennomgang for å sjå at alt er på plass.

– Så kjem det ei sak til tenesteutvalet 25. april kor en blir presentert. Innan 15. mai skal avtalen vera signert mellom idrettslaga og kommunen.

Skal kunne halde att støtte

Bruarøy fortale at ho, saman med andre frå kommunen, har deltek på eit seminar i regi av NFF om kunstgrasbaner og dei miljøutfordringane som følgjer av desse.

– Oppsummert så har det blitt jobba med frå administrasjonen saman med idrettsrådet for å få til ei miljøvennleg drift. I grove trekk går avtalen ut på dagleg drift, brøyting - kor den generelle anbefalinga er ikkje å brøyta, bygging av nye baner, rehabilitering og krav til at idrettslaga skal delta på møter og kurs i høve drift og vedlikehald.

– I avtalen ligg det at kommunen ved store avvik skal kunne vurdera å halde igjen økonomisk støtte, forklarte ordføraren.

– Det er veldig betryggande å høyre. Takk skal du ha. Eg må kanskje innsjå at eg er utålmodig på dette området, svara Nøttseter.

Fleire saker