Lokal | 07. aug. 2018

Stiller til val for nytt parti

Har fått Terje Sperrevik med seg: Fusa Sp og Os Sp er i gang med nominasjonsprosessen til valet i 2019.

Stiller til val for nytt parti
Terje Sperrevik. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. aug. 2018 08:07

Fusa Senterparti og Os Senterparti er i gang med nominasjonsprosessen for kommunevalet 2019. Sjølv om desse partia ikkje formelt er slegne saman til Bjørnafjorden Senterparti enda, er samarbeid om nominasjonsprosessen i godt gjenge, melder dei Senterpartiet sine to lokalparti i ei pressemelding.

Likeeins er det vald ei programnemnd som kjem i gang til hausten. Her er Harald Lekven frå Os leiar, Peter Hans de Zwarte frå Fusa nestleiar, Marianne Borge (Fusa) og Siren Tømmerbakke (Os).

I nominasjonsnemnda er Hege Aase Tysnes frå Fusa leiar, og Eivind Moberg frå Os nestleiar. Dei sit i nemnda saman med Haldor Tuft (Fusa) og Jan Gaassand (Os).

Nominasjonsnemnda har førespurd dei noverande innvalde medlemmane i kommunestyra om eventuell vidare deltaking.

Frå Fusa Senterparti har desse representantane sagt seg villige til å fortsetja:
Mikal Leigland, Peter-Hans de Zwarte og Richard Markhus. Frå Os Senterparti har Harald Lekven sagt seg villig til å stilla vidare.

Fusa og Os Senterparti har som mål å presentera framlegg til kommuneval-liste 28. august for medlemmene, deretter eit nominasjonsmøte i november månad.

Nominasjonsnemnda er så fri å presentera eit framlegg på dei 5 første på lista:
1. Harald Lekven, Os (framlegg på kumulering)
2. Mikal Leigland, Fusa (framlegg på kumulering)
3. Herborg Irene Borgen Nordtveit, Fusa
4. Terje Sperrevik, Os
5. Hege Aase Tysnes, Fusa

– Vi er sjølvsagt veldig nøgde med dei som stiller att på lista, og me er glade for å ønskja Terje Sperrevik velkomen til Senterpartiet. Frå Os er han
den politikaren med størst erfaring for Tverrpolitisk Samlingsliste. Han skal fullføra sine forpliktelsar i TVS perioden ut, seier Hege Aase Tysnes og Eivind Moberg i pressemeldinga.

Terje Sperrevik har vore medlem av Tverrpolitisk Samlingsliste i Os sidan 90-talet. Midtsiden har førebels ikkje lykkast i å nå Sperrevik for kommentar.

• Les òg: Ein god stad for politisk debut

Utover det arbeider vi med å få med yngre krefter frå begge dei to kommunane med, det ser bra ut med det arbeidet. Men vi må òg arbeida meir aktivt for å
få fleire kvinner med på lista, seier Tysnes og Moberg, og inviterer samtidig interesserte å melda seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.