Lokal | 05. mars 2020

Stolen bil framleis sakna

– Den er fylt med verktøy og delar, og skulle vore på service hos kundar nordover i landet.

Stolen bil framleis sakna
Denne bilen blei stolen i Os søndag, og observert på veg inn i Bergen sentrum søndag ettermiddag. (Foto: Unik)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. mars 2020 12:43

Søndag formiddag blei det oppdaga innbrot og tjuveri av to bilar frå eit firma i Os.

– Dei øydela ein port for å ta seg inn i verkstaden. Her stal dei nøklane til to av dei tre firmabilane våre, fortel Andri Håvardstun frå Unik Filtersystem.

Så langt ser det ikkje ut til at tjuvane har tatt noko anna enn bilnøklane. Og bilane.

Den eine blei funnen igjen i eit nabolag i Os same dag, den andre er sist observert passera gjennom bomringen i Sandviken i 17-tida søndag, retning frå Åsane og inn i sentrum.

Bilen er en sølvgrå Volkswagen Transporter med registreringsnummer SV 80062. Bilen hadde UNIK-logo på sida og i front då den blei stolen.

– Bilen som er sakna er den nyaste og best utstyrte. Servicebilen var lasta og førebudd på tur til kundar nordover i landet.

Unik håper dei får inn tips som fører til at bilen blir funnen. Samtidig må dei førebu seg på å rigga opp ein annan servicebil så dei kjem seg ut i felten.

– Vi hadde håpa at bilen skulle dukka opp rimeleg snart, men vi har ikkje høyrd noko sidan søndag. Den andre bilen var heldigvis uskadd. Kva som har skjedd med denne, om den er parkert i Bergen, har kome seg usett ut bompengeringen eller har hamna om bord i Danmarksbåten, er høgst uklart.

Tips kan rettast til politiet på 02800 eller til eigar på 56565560 eller mobil 93222677/92035772.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.