Lokal | 12. mai 2016

– Stopp ferjekøen ved kafeen!

Fastbuande på Søre Neset med ønskje om å bruka gamlevegen forbi pinsekøen mot Halhjem ferjekai.

– Stopp ferjekøen ved kafeen!
Midtsiden-lesar med tips til løysing for fastbuande når køen mot ferjekaien er på det verste før pinse. (Google Maps)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. mai 2016 08:22

Fredag før pinse og handballfestival på Stord har dei siste åra vore årets travlaste dag på Halhjem ferjekai, i fjor sto køen nesten 5 kilometer inn i Liafjellstunnelen.

Politiet har i dialog med ferjeselskapa førebudd enkelte tiltak for å redusera køen når det i morgon er duka for lang kø igjen.

For dei som bur i Halhjemsmarka, Auredalen og Bjørnen kan det vera ekstra frustrerande å stå i kø for å koma seg heim.

– I fjor hadde eg henta sonen min frå trening og blei ståande i kø i over 1,5 time, fortel Tom Åge Larsen frå Auredalen.

Samtidig kjem han med eit forslag til politiet: Stopp ferjekøen ved Halhjem Kjøkken og la fastbuande køyra gamlevegen frå Lepsøykrysset via Lekven, Lunde, Haugland til kafeen, for så å sleppa inn på E39, ned til rundkøyringa og heim.

– Ein god idé

Politiførstebetjent Rune Fimreite seier Os lensmannskontor har fått fleire innspel etter at vi tysdag skreiv om korleis politiet førebudde seg på denne fredagen.

– Denne ideen her er nok ein av dei betre, synest Fimreite.

– Men det blir ikkje organisert noko stopp ved kafeen i morgon, presiserer han.

Slike tiltak, som blant anna sender ekstra mykje trafikk inn på gamlevegen, må vurderast grundig i samråd med fleire, og informerast, før det eventuelt kunne blitt aktuelt. I tillegg krev det mykje bemanning.

– Vi kan ikkje legga opp til ein heil ettermiddag og kveld med dirigering, i fjor var vi der med to mann i 4-5 timar. Det kan òg tenkjast at enkelte ville misbrukt systemet og brukt ei slik løysing på å snika i køen.

– Burde vore enkelt

Larsen har forståing for at ikkje politiet tar grep på strak arm, og er samd i at det ville blitt ein risiko for sniking om dei gjekk ut og informerte om løysinga i forkant.

– Det er fleire, inkludert med sjølv, som har prøvd ulike løysingar langs gamlevegen tidlegare år. Problemet er når du kjem til kafeen og bilistane på E39 trur du skal snika i ferjekøen og nektar å sleppa deg inn. Då tenkjer du at det burde vore enkelt å stå éin politimann ved kafeen og éin i rundkøyringa, med samband, og sendt fastbuande ned i venstre køyrefelt via rundkøyringa og ut mot Bjørnen.

– I fjor køyrde vi nokre bilar ut og på venstresida ned mot rundkøyringa. Det kom bilar imot og vi var tre i breidda, men det gjekk så vidt.

– Kva gjer du i morgon?

– I morgon skal eg tidleg på butikken og handla. Sonen vår droppar trening, vi held oss heime heile ettermiddagen, seier Larsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.